Høgare utdanning gir dårlegare betalt i Noreg
Noreg er blant landa i Europa der delen med høg utdanning er størst, men vi er likevel eitt av OECD-landa der utdanning lønner seg minst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får lite betalt for utdanning
Lønnsgevinsten ved å ta høgare utdanning i Noreg er berre halvparten av gjennomsnittet i resten av medlemslanda i OECD, skriv Aftenposten.
Tal frå 2011 viser nemleg at lønnstakarar med høgare utdanning i gjennomsnitt tener 28 prosent meir enn lønnstakarar som berre har vidaregåande skule. I 33 OECD-land som er rekna som rike og mellomrike, har personar med høg utdanning i gjennomsnitt 57 prosent høgare lønn.
Ettersom lønnsnivået i Noreg er langt høgare og langt jamnare enn i andre europeiske land, har dei lågast lønna svært høg lønn, samanlikna med andre land. (©NPK)