Irsk og nynorsk er ikkje så ulikt

Utviklinga av irsk og nynorsk har mange likskapstrekk.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kan finne fleire likskapar mellom irsk og nynorsk, ifølgje språkforskar Bjørg Nesje Nybø.

Ho står bak den ferske doktoravhandlinga Skriftkulturen i ei språkleg revitalisering. Ei samanlikning av framveksten av irsk og nynorsk skriftkultur, som tek føre seg perioden 1850-1970.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

– Framveksta av ein skriftkultur er for begge språka blitt drive fram av nasjonalromantikken og er knytt til politiske frigjeringsprosessar i landet, seier Nybø på Unversitetet i Oslo sine nettsider.

Innføringa av nynorsk vart likevel aldri like politisk betent som den irske språkkampen.

Nybø har også funne ei rekkje skilnadar mellom irsk og nynorsk. Til dømes er der ingen irsk Ivar Aasen. Dermed vart irsk som moderne skriftspråk lenge utvikla utan ein skriftleg standard knytt til talemålet.

LES OGSÅ: Som å bruke pose i sekkeløp

Nybø meiner ei etablert språknorm har avgjerande betyding for om eit språk vert eit funksjonelt skriftspråk i moderne samanheng. Språkforskaren fann at normeringa av nynorsk gjekk meir medvite og målretta føre seg enn normeringa av irsk.

– Aasen skapte raskt eit utgangspunkt. På den andre sida hadde ein ikkje ein gamal standard å ta omsyn til, slik som ein har hatt i Irland sidan perioden 1200-1600.

Sjølv om prossessane med å skape irsk og nynorsk er nokså ulike, har begge språka i dag tilhengjarar og brukarar frå ulike lag av samfunnet. Språka vert undervist i i skulane, og lever side om side med majoritetsspråka.

LES OGSÅ: Slu strateg