Prestane seier ja til å vie homofile
Eit samrøystes sentralstyre i Presteforeningen seier ja til at homofile skal få gifte seg i kyrkja. Neste år skal saka opp i Kyrkjerådet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Seier ja til å vie homofile
Leiar i Presteforeningen, Gunnar Mindestrømmen, tek no til orde for at Kyrkjemøtet må gjere eit vedtak som sørgjer for at ein vigselsliturgi som også omfattar homofile, kjem på plass, skriv Vårt Land.
Samvitskvalar
Med seg har han sentralstyret i Presteforeningen, foreininga som organiserer det store fleirtalet av prestar i Den norske kyrkja.
– Mange prestar opplever det no som vanskeleg for samvitet sitt, at dei ikkje får lov til å vie likekjønna. Bispemøtet har gjennomført ei læremessig avklaring som inneber at kyrkja anerkjenner homofilt samliv. Den naturlege slutninga av det er å opne for at likekjønna par kan viast i kyrkja, seier Gunnar Mindestrømmen.
Saka blir grundigare behandla på møtet i Kyrkjerådet 20. februar, og deretter på Kyrkjemøtet i april.