Michelin satsar på plantedekk

Dekkprodusenten Michelin skal bruke over 400 millionar kroner på å verte mindre avhengig av olje.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje kan framtidas dekk vere laga av sukkerrør, strå eller tre, framfor gummi. Den franske dekkprodusenten Michelin er uroa for framtida for oljebaserte material og skal difor forske på alternative material til å lage dekk av, melder britiske The Guardian.

LES OGSÅ: Lagar plastikk av banaskal

Butadien-krise
Verdas nest største dekkprodusent har fått 14,7 € av det franske miljøverndepartementet til forskingsprogrammet, som har fått kodenamnet Bio Butterfly. Heile budsjettet på det åtte år lange forskingsprosjektet er på 52 millioner euro, over 400 millioner norske kroner.

I dag lagast dekk av ein blanding av naturleg og syntetisk gummi. Hovudingrediensen i den syntetiske gummien er butadien, eit biprodukt frå petroleum som etter kvart vil forsvinne. I 2011 og 2012 steig prisane på butadien. Allereie i år 2020 forventar dekkprodusenten at ingrediensen vil vere mangelvare. Forskarane har difor dårleg tid.

Planen er å starte med organisk avfallsmateriale, for å framstille bio-butadien. Fleire andre dekkprodusentar og kjemifirma arbeider no med det same.