– Læraren er aller viktigast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor John Hattie står bak den største læringsstudien i verda. Undersøkinga blir definert av mange som den heilage gralen for læringa. Hattie meiner at svært mange som diskuterer skulen i dag har feil fokus. Kritikken hans rammar både lærarar, foreldre og politikarar, skriv NRK.

Studien til Hattie viser kva som bidrar til betre resultat i skulen. Han meiner det i all hovudsak handlar om kvaliteten på læraren og kontakten mellom lærar og elev.

LES OGSÅ: Treng fleire flinke lærarar

– Læraren er alfa og omega for ein betre skule. Det avgjerande er korleis han eller ho som klasseleiar kommuniserer med elevane, seier Hattie til NRK.

Hattie meiner at alle rammevilkåra, som storleiken på klassar,eller skular og pensum, betyr lite.

– Alt handlar om kompetansen til læraren, seier Hattie.

LES OGSÅ: – Karakter-jag skaper færre gründerar

Forskaren meiner det handlar meir eller mindre om evna til å undervise og til å sjå læring med auga til elevane. Samfunnet må verdsetje dei gode lærarane i langt større grad, også lønnsmessig, meiner han.

– Vørdnaden til læraren er viktig, og den beste måten å skaffe seg vørdnad på er å vise kva dei utrettar. Eg synest det er synd at lærarstanden ser på alle lærarar som likeverdige. Det er heilt openbert ikkje riktig, seier Hattie. (©NPK)