Ungdom som deler på sosiale medium opplever støtte
Dei aller fleste ungdommane som har delt noko vanskeleg med venner på sosiale medium, opplever støtte i ettertid. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet (FHI).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Funna viser at sosiale medium, forutan mykje av det negative ein kanskje høyrer, også kan vere ei plattform for å oppsøkje og få støtte, seier førsteforfattar Bjarte Kysnes i ei sak på nettsidene til FHI.
Forskarane fann at ungdommane som delte noko vanskeleg med venner, som regel oppgav å ha dårlegare psykisk helse enn dei som ikkje hadde delt noko vanskeleg. Av dei som hadde delt noko vanskeleg oppgav dei fleste ungdommane at dei hadde fått sosial støtte i etterkant.
Vidare rapporterte ungdommane som opplevde sosial støtte, at dei i etterkant av delinga hadde betre psykisk helse samanlikna med dei som ikkje opplevde sosial støtte.
Kysnes understrekar at funna ikkje bør tolkast som eit råd til unge om å dele vanskelege ting på sosiale medium. Han påpeikar at dei fleste som delte noko i denne studien, delte dette med éin eller nokre få venner gjennom private meldingar på sosiale medium.