– Jobben er litt småklein

Ikkje alle sel vaflar under Operasjon Dagsverk, nokon lagar brosjyrar om sex medan andre intervjuar dei som gjer det.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets operasjon dagsverk-kampanje heiter ”Kven bryr seg”. 31. oktober viser ungdommar over heile landet at dei bryr seg. Det er viktig å få fram at norske ungdommar faktisk bryr seg om meir enn amerikanske pop-artistar og iPhoneskjermar.

Operasjon dagsverk (OD) fokuserer på at vi skal sjå bort i frå forskjellane mellom ungdommar i verda og heller leggje merke til alt som er likt og at vi best mogleg hjelper kvarandre om vi står saman.

LES OGSÅ: Sterkt møte med Nepal

Ein litt utradisjonell jobb
Rundt 650 skular rundt om i heile landet deltek på OD-dagen i år, og elevane må skaffe seg jobb for å tene inn pengar. Eg har til dømes intervjua andre ungdommar som jobbar på OD-dagen.

Tiril Høye Rahn (16), frå Ski vidaregåande skule, nyttar anledninga til å skaffe seg ein litt utradisjonell jobb på OD-dagen. Saman med nokre andre ungdommar har ho fått jobb hos Sex og Samfunn, eit senter som tilbyr gratis klinikk for dei under 25 år og som utviklar undervisningsprogram. Eg blir med Tiril til Oslo for å sjå kva slags jobb ho har fått seg.

Etter å ha virra litt rundt i Oslos gater, finn vi endeleg fram til lokala til Sex og Samfunn. Her møter vi ein gjeng med spente ungdommar. Etter nokre få minutt og vitsar brytast isen og dei ivrige ungdommane kjem med massevis av forslag og idear. Alle er einige om at dette er ein morosam og lærerik jobb å ha på OD-dagen og er glade for at dei fekk moglegheita til å jobbe her.

LES OGSÅ:  – Utdatert sexundervisning

Saka fortset under biletet.


Ikkje alle støvsyg heime på OD-dagen. Tiril Høye Rahn har fått seg jobb hos Sex og Samfunn.

Gratiskondomer.no
 Kva skal de gjere hos Sex og Samfunn?

– Gruppa skal bidra til å oppgradera og utvikla nye informasjonsbrosjyrar om prevensjon og seksuelt overførbare infeksjonar. Brosjyrane sendast med bestillingar frå gratiskondomer.no og brukast ved undervisning i 10. klasse. Vi skal også lage plakatar som reklamerer for gratiskondomer.no.

Tiril leste først om stillinga på nettsida til OD og tenkte at det kunne vere ein interessant og spanande jobb. Ho seier at ho synest det er viktig at ungdommar får moglegheita til å vere med å bidra i utforminga av informasjonsbrosjyrar, sia den informasjonen ungdommar får av og til bommer litt på målgruppa.

– Jobben er spanande, men også litt småklein, ler ho.

Tiril er representant i elevrådet på skulen og har derfor sjølv vore ein aktiv formidlar av OD-dagen og kva den handlar om til resten av klassen.

LES OGSÅ: 40.000 drepne kvart år

Narkotikakriminalitet i Sør-Amerika
Operasjon Dagsverk er ein årleg solidaritetsaksjon av, med og for ungdommar. Konseptet er at norske ungdommar brukar ein dag av utdanninga si, for å tene inn pengar som kan bidra til eit betre utdanningstilbod til ungdommar andre plassar i verda. I tillegg arrangerast det Internasjonal veke på skulane, som informerer om årets prosjekt.

Årleg jobbast det inn omtrent 30 millionar kronar til eit prosjekt som elevane har bestemt seg for å støtte. Årets Operasjon Dagsverk støttar eit Redd Barna-prosjekt som skal jobbe for å skape ein tryggare skulekvardag for 15 000 ungdommar på 70 skular i Mexico, Honduras og Guatemala.

Dei siste åra har gjengkriminalitet blitt eit stort problem i Mellom-Amerika, som følgje av stor narkotika- og våpentrafikk i dette området. Ifølgje OD sine eigne sider har om lag 6000 tenåringar blitt drepne i Mexico, Guatemala og Honduras dei siste åra. Mange ungdommar i desse landa kjenner seg ofte pressa til å bli med i gjengar, og ungdommar frå familiar med låg inntekt er spesielt utsett.

For mange er berre det å komme seg på, og å vere på skulen, forbunde med fare. Gjennom Operasjon Dagsverk ynskjer norske ungdommar å bidra til ein betre skulekvardag for desse ungdommane. Målet er å senke kriminaliteten gjennom utdanning

– Kva synest du om årets prosjekt?

– Eg synest prosjektet er veldig viktig og at det vil bidra til å bringe temaet fram i dagslys. Saka er veldig aktuell og omfattar mange ungdommar. Eg trur det er på tide å ta tak i problemet og å skape merksemd rundt det. Eg er veldig glad for at eg kan bruke ein dag for å bidra til prosjektet!

LES OGSÅ: Minister søkjer vikar for ein dag

Saka fortset under biletet.


Alle er i full gong med idémyldring hos Sex og Samfunn. Eg er i rosa genser og Tiril Høye Rahn sit til høgre for meg.

Samarbeid om sexinformasjon
Sara Rydland Nærum rettleiar gruppa. Ho fortel at Sex og Samfunn saman med Helsedirektoratet ynskjer å samarbeide med ungdommar, sidan dei er i same målgruppe som senteret er retta mot. Ungdom kjenner ungdom best og dei kommuniserer på same nivå.

– Det er spanande å høyre idear og innspel frå ungdommar. Vi synest det er kjempegøy! seier Sara smilande.

LES OGSÅ: – Afrika går til helvete

Vaffelsteikarar
Over hundre tusen ungdommar er i sving rundt om i heile landet. Mange har kanskje litt meir tradisjonelle arbeidsoppgåver enn Tiril, som å rydde heime eller selje bollar, men alle gjer ein innsats. Utanfor Glemmen vidaregåande skule i Fredrikstad, står Anna Grønning, Johannes Tandberg og Ulrik Langvik og sel vaflar til inntekt for prosjektet. 

– Kva tenkjer de er den største forskjellen mellom ungdommar i Noreg og ungdommar i Mexico, Honduras og Guatemala?

– Eg trur at den største forskjellen er at i Noreg kan du få eit godt og gratis utdanningstilbod uansett kven du er eller kor du kjem frå. Vi håper at gjennom OD, vil vi bidra til at fleire ungdommar får eit godt skuletilbod, seier Anna.

– Det har vore veldig gøy, men no er vi litt kalde og våte, legg dei til og ler.

Salet går bra, sjølv om veret er litt vått og kaldt. Ingenting tiltrekkjer kundar som vaffeleim. Dei tre ivrige ungdommane synest det aller beste med OD-dagen er at dei får moglegheita til å arbeide for ei god sak, samstundes som dei kan gjere noko litt anna for ein dag.

Du kan lese meir om årets Operasjon Dagsverk på OD.no.


Anna Grønning og Ulrik Langvik synest det er supert å bidra på OD-dagen, men vêret var kanskje litt kaldt.