«Fisherbenny» har 4 millionar følgjarar på TikTok

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var to år sidan fiskaren frå tettstaden Søgne utanfor Kristiansand fekk ideen om å dele livet på sjøen.

– Eg vil formidle fiskaryrket til dei unge, spesielt at det faktisk er ein jobb og at ein kan ha moro med det, seier han til NRK. Fredag denne veka gjesta ha Lindmo på NRK1.

TikTok-suksess

Han fortel at fiske er draumejobben og hobbyen hans. Dette sjølv om yrket også er mykje hardt arbeid.

TikTok-suksessen starta med at han delte ein video av ein coladrikkande fisk.

@fisherbennyDo not put your finger inside ?☠️♬ I Can’t Stop (Ekali Tribute) – Flux Pavilion

Videoen vart raskt populær. Etter kvart byrja han å filme seg sjølv i utfordrande vêr og forhold. Det viste seg å falle i smak hjå TikTok-publikummet

@fisherbennyNothing beat this kind of morning coffee.♬ original sound – Benjamin Bakke

– Eg la fort merke til at folk likte videoane som viste or høge bølgjene på havet var, og korleis ein blir slengt rundt på båten når kreftene tek tak, seier han.

I løpet av to år har han fått fire millionar følgjarar, og dermed er han ein av dei mest populære TikTok-arane her i landet. Den mest populære videoen har 82 millionar visingar.


Les også: Yrket mitt: Norges tøffeste-Isak (26) er fiskar på sjark

Isak Dreyer er inne i sin tredje sesong som fiskar. Livet på havet er tydelegvis like god trening som ein får på treningsstudio, for Dreyer kunne nyleg hente heim tittelen Norges tøffeste. Foto: Michael Schult Ulriksen/NRK