Studentane får 1.500 kroner meir i straumstøtte
Regjeringa og SV er samde om å gi studentane 1.500 kroner ekstra i år på grunn av auka straumutgifter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er glad og stolt over at vi har fått gjennom ekstra pengar til ei gruppe som har slite med straumrekningane i heile år. Det trengst, seier utdanningspolitisk talsperson Freddy André Øvstegård i SV til Khrono.
Studentstøtta er del av semja mellom regjeringspartia og SV om ei støtteordning for næringslivet. Men fleire andre tiltak har også fått plass i avtalen.
– I vintermånadene som står framfor oss, kjem straumrekningane til å bli endå høgare, så denne ordninga håpar og trur eg at kjem godt med, seier Øvstegård.
Les også: Statsbudsjettet: Norske studentar får 328 kroner meir i månaden