Unge Venstre kritiserer KrFU for Facebook-innlegg: – For drygt

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre helg hadde Venstre landsmøte og sjølv om nokre lokallag var sterkt ueinige, vart det med klart fleirtal vedteke at partiet vil testa ut tiltak som både avkriminaliserer og dels legaliserer cannabis.

Dei vil mellom anna:

  • Gjera det lettare for pasientar å få skrive ut cannabis som medisin.
  • Finansiera forsking på bruk av cannabis som medisin.
  • Lage eit regelverk og marknad for produksjon i Noreg.
  • Gjennomføra eit prøveprosjekt med regulert sal av cannabis i kommunar som ynskjer det.

Unge Venstre har vore ein pådrivar for testprosjektet. I etterkant av landsmøtet lova leiar Ane Breivik at ungdomspartiet vil gå inn for nasjonal legalisering av lettare rusmiddel før stortingsvalet i 2025.

Unge Venstre: – Bikkar over til det usaklege

I eit Facebook-innlegg frå KrFU kritiserer dei vedtaket og Unge Venstre sin politikk. Innlegget er ei fiktiv Finn-annonse med tittelen: «Kommune søker gartner til å dyrke cannabis».

Her står det at jobben passar for den som vil «være med å distribuere fremtidens samfunnsproblem» og «ødelegge flere liv gjennom økt forbruk og tilgjengelighet av narkotika».

Skjermdump av det originale innlegget. Det vart seinare sletta og lagt ut på nytt grunna bruken av Finn-logoen. Skjermdump 17.10.22

Kristin Schultz. 1. nestleiar i Unge Venstre. Foto: Magnus Hundvin/Unge Venstre/Flickr

I kommentarfeltet vart det fort debatt mellom KrFU-arar og Unge Venstre-politikarar.

Til Vårt Land seier 1. nestleiar i Unge Venstre, Kristin Schultz, at rusdebatten alltid har vore krass, men at politikarar og ungdomspolitikarar har eit ekstra ansvar.

– Me har eit ansvar for å styre unna den retorikken. Me skal leggja fram argument og ta den saklege debatten. Det har også KrFU vore flinke til tidlegare, men her bikkar det over til det usaklege, seier ho om innlegget frå KrFU.

Skjermdump frå kommentarfeltet under innlegget 17.10.22.

Schultz meiner at Venstre sin ruspolitikk handlar om å redde liv og regulera ein marknad som allereie finst, ukontrollert og fritt.

– I seg sjølv er det kanskje ei morosam framstilling av ei politisk sak, men når dei vrir tvers om på våre argument, blir det for drygt. Me meiner ungdomspartia må vera førebilete i desse debattane.

KrFU: – Bør vera ufarleg

Hadle Rasmus Bjuland er leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom. Foto: KrFU

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland meiner at innlegget er innanfor og skrive med glimt i auga.

– Det ville vore noko heilt anna om dette var åtak på person, men det er politikken me er usamde om. Dette er spissing av politikken som skapar engasjement. Det bør vera ufarleg, seier han til Vårt Land.

KrFU vil kjempe mot den illegale rusmarknaden ved å la politiet kunne ta kriminelle bakmenn – ikkje ved å normalisera bruken.

Bjuland fortel at målet med innlegget var å synleggjera KrFU sin politikk på rusfeltet.

– Eg er usamd i at innlegget seier at Venstre har ein intensjon om å øydeleggja liv. Men konsekvensen av politikk dei vil innføra vil øydeleggja fleire liv, og det må dei ta innover seg, seier han til Vårt Land.


I dag er det 40 % som seier dei ikkje tør å ringe 113 om ein venn tek overdose