Hendelsen-forfattar får Nobels litteraturpris for modige personlege skildringar

Den brennaktuelle forfattaren Annie Ernaux (82) er første franske kvinne som får prisen, og den syttande kvinna i historia.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den franske forfattaren Annie Ernaux (82) får årets Nobelpris i litteratur. Svenska Akademien grunngjev tildelinga med måten ho gjennom mot og klinisk presisjon «avdekkjer røtene, det framande og dei kollektive avgrensingane i det personlege minnet».

Vinnaren av årets litteraturpris blei meir overraska enn vanleg. Ifølgje SVT fekk det Svenska Akdemiet nemleg ikkje tak i Ernaux i forkant av annonseringa. Ho fekk difor vite om prisen på same tid som resten av verda.

– Eg blei veldig overraska. Det er ei stor ære og eit stort ansvar, seier Annie Ernaux når Kulturnyheterna får tak i ho på telefon.

Viktig samtidsforfattar

82-åringen gav ut si første bok Les Armoires vides i 1974. Det store gjennombrotet kom med boka La Place (Far på norsk) i 1983, der ho fortel livshistoria til faren.

Trass eit langt forfattarskap, er det dei siste åra Ernaux verkeleg har slått gjennom internasjonalt. Ho blir rekna som ein av dei viktigaste samtidsforfattarane i Frankrike.

Annie Ernaux sine bøker har klare sjølvbiografiske trekk. Dei blir gjerne klassifisert som autofiksjon, romanar som er baserte på eige liv. Bøkene er òg tydeleg politiske, og fokuserer særleg på klasse og kjønn.

Omslag: Gyldendal

Første franske kvinne

Sjølv om Annie Ernaux låg høgt på bookmakerane sine lister i forkant av utdelinga, var det likevel noko overraskande at prisen gjekk til ho. Frankrike er nemleg landet med desidert flest prisvinnarar. Sist prisen gjekk til ein franskmann var for åtte år sidan, då forfattaren av Gater i mørket og Dora Bruder, Patrick Modiano, blei tildelt prisen.

Ernaux er den sekstande franske forfattaren som kan smykke seg med tittelen. Men dei femten før ho var menn. Annie Ernaux er altså den første franske kvinna til å få Nobels litteraturpris, og den syttande kvinna i historia. Prisen har vore delt ut sidan 1901.

Brennaktuell: – Det er som kvinners fridom ikkje tel

Etter at USA stramma inn abortlovene tidlegare i år, har forfattarskapet til Annie Ernaux fått ny merksemd.

Filmen Hendelelsen går på kino for tida, og er basert på boka hennar L’événement frå 2000.

Boka og filmen er basert på Ernaux sitt eige liv, og handlar om ein litteraturstudent som blir gravid i Frankrike i 1963. På dette tidspunktet var abort forbode og straffbart. Ernaux skriv i boka om då ho sjølv nesten døydde av ein illegal abort.

– Det var ei hending som endra meg fullstendig. Ho var så uhøyrd og så valdeleg, at eg var ein annan person etter at det skjedde. Dette ville eg fortelje om, seier forfattaren til NRK.

Ernaux er glad filmen basert på boka kjem samstundes som fleire land vedtek lover mot abort.

– Det er som kvinners fridom ikkje tel. Ikkje i noko land kan ein vere trygg for at vi ikkje vil vende tilbake til at patriarkatet som fullstendig og uretteleg dominerer kvinner, fortel ho til kanalen.

I «Hendelsen» skildrar Annie Ernaux korleis ei ung, gravid kvinne sit på golvet med ein spegel og ein blå strikkepinne. Foto: Another World Entertainment

Andre tema som går att i bøkene hennar, er kvinneleg begjær, skam, klassereise, sjukdom og død.

Hennar siste bok Den unge mannen handlar om eit forhold til ein mykje yngre mann.

Årene frå 2008 blir av mange rekna som hennar viktigaste verk. I den sjølvbiografiske forteljinga tek Ernaux for seg ulike episodar i livet med utgangspunkt i ei rekkje bilete av seg sjølv og av og til andre.

Noregs-yndling

Dei siste åra har Ernaux blitt svært populær i Noreg. Då forfattaren var på besøk hjå Litteraturhuset i Oslo i august var det så stor interesse at dei måtte booke Universitetsaulaen til bokbadet, og det var lang kø utanfor.

Ernaux har òg vore ein stor inspirasjon for ein annan Noregs-favoritt, Édouard Louis. Han har sagt at han truleg ikkje ville blitt forfattar om det ikkje var for bøkene hennar.

– Annie Ernaux er ein heilt unik forfattar som skriv bøker som handlar om oss alle, og ho har flytta grensene for kva som blir rekna som eit litterært språk, seier Cathrine Bakke Bolin, forlagssjef for omsett skjønnlitteratur i Gyldendal, som gir ut Ernaux i Noreg, ifølgje VG.

Bøker på norsk

Vil du ta fått på forfattarskapet til Annie Ernaux? Desse bøkene finst på norsk:

  • «Far» (1985)
  • «En lidenskap» (1993 og 2018)
  • «Sommeren 58» (2018)
  • «Hendelsen» (2020)
  • «Årene» (2020)
  • «Far / En kvinne» (2021)
  • «Den unge mannen» (2022)