Zalando får verstingpris: – Gjev eit inntrykk at vi kan kjøpe oss ut av miljøutfordringane
Forbrukarrådet meiner det er grønvasking å ha polyesterklede under «bærekraftighet».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ved å marknadsføre klede under fanen «bærekraftighet» gjev Zalando eit inntrykk at vi kan kjøpe oss ut av miljøutfordringane.
Det skriv juryen i si grunngjeving for kvifor Zalando får Forbrukarrådet sin Grønnvaskingspris.
Du trudde kanskje at alle Zalando-klede sorterte ut frå berekraft, faktisk er berekraftige? Då tok du feil. Der dukkar det til dømes opp t-skjorter laga i polyester, og polyester slepp ut mikroplast.
– Dette filteret er problematisk, for det gjev deg inntrykket av at om du handlar der, så er all ting greitt, seier Anja Bakken Riise i ein Instagram-video.
Framtiden i våre hender-leiaren har vore med i juryen som deler ut prisen. Der var òg Kunsthøgskolen i Oslo, Handelens miljøfond, 12YEARS, Skift – Næringslivets klimaledere og Forbrukarrådet.
– Må vere sannferdige
Juryen meiner tanken med å ha eit filter som hjelper forbrukarar ta miljøvenlege val i utgangspunktet er god, men at det i fleire tilfelle er misvisande.
Zalando, KappAhl, Booking.com og Kicks var alle nominerte for å ha filter i nettbutikken som framstiller produkt som miljøvenlege.
Juryen meiner det må verte stilt strenge krav til ordet «berekraftig» for produkt med høg miljøbelastning og dokumenterte utfordringar med til dømes sosiale forhold.
I ei pressemelding påpeikar Anja Bakken Riise at produksjon av tekstil og sko står for 8 prosent av globale klimagassutslepp, og tekstil av plast står for opptil 35 prosent av mikroplastutslepp i havet.
I tillegg har moteindustrien eit høgt forbruk av vatn og kjemikal, forureinar jordsmonn og vasskjelder, og påverkar biologisk mangfald.
– Difor må produsentane vere svært forsiktige og sannferdig når dei marknadsfører sine varer som berekraftige og grøne, seier Bakken Riise i pressemeldinga.
- Les også: Slik påverkar klesindustrien verda
Zalando vil fjerne filteret
Etter å ha motteke prisen, opplyser Zalando at dei vil fjerne berekraftsfilteret, som først vart introdusert i 2019.
– Dei siste månadane har vi jobba med å forbetre kommunikasjonen ytterlegare. Som eit resultat vil vi snart fjerne berekraftsfilteret og erstatte det med informasjon om den spesifikke berekraftseigenskapen til eit produkt, skriv nettbutikken i ei pressemelding.
Forbrukarrådet opplyser om at dei kjem til å klage inn alle aktørane på nominasjonslista til Forbrukartilsynet for misvisande marknadsføring.
– Etter Forbrukarrådet si vurdering representerer alle dei nominerte ein form for marknadsføringspraksis som villeier forbrukarar, seier Gunstein Instefjord, jurymedlem og leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.
Desse var nominerte:
- AirBaltic ved kampanjen «Green sale»
- Zalando ved bruk av filteret «bærekraftighet»
- KappAhl ved bruk av filteret «sustainability label» og merking «responsible fashion»
- Kicks ved bruk av filteret «I’m conscious»
- Booking.com ved bruk av filteret «Travel sustainable property»
- Fortum ved kampanjen: En strømleverandør som bryr seg om miljøet