Krev framtidsombod av ny regjering

Grøn Ungdom og Spire utfordrar dei borgarlege partia. Dei får støtte frå ei samanslutning av 500.000 barn og unge.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev eit eige framtidsombod

– Eit framtidsombod vil hjelpa regjeringa med å sørgja for at dagens politikk er god i dag og samstundes ikkje går på bekostning av framtidige generasjonar sine høve til eit godt livsgrunnlag, seier Mari Gjengedal, leiar i ungdomsorganisasjonen Spire.

Ho meiner at å oppretta eit framtidsombod vil gje signal om at dei borgarlege partia tenkjer langsiktig og sørgjer for ei trygg framtid for borna og barneborna våre.

Spire vil no senda innspelet til partia som forhandlar om regjeringsmakta.

LES OGSÅ: – Politikken er for kortsiktig

– Treng ei vaktbikkje
Sosialistisk Ungdom, Senterungdommen og Grøn Ungdom er nokon av dei som stiller seg bak kravet om eit framtidsombod. På Barne- og ungdomstinget i vår vedtok Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner å støtta framtidsombodet. Organisasjonen er ei samanslutning av ungdomsorganisasjonar med til saman ein halv millionar medlemmar.

– LNU ønskjer at det skal bli oppretta eit framtidsombod for å fremme rettferd mellom generasjonane og jobbe for å sikre ein langsiktig politikk og grunnleggjande rettar dei som kjem etter oss, seier LNU-leiar Stian Seland til Framtida.no.

– Me treng ei vaktbikkje overfor politikarar som er meir opptatt av å sikra seg ei feit stortingsløn i fire nye år, enn å ta beslutningar basert på langsiktig og bærekraftig tankegang. Eit framtidsombud er eit konkret og gjennomførbart tiltak som vil visa om Erna Solberg er villig til å bruka konservatismen og tenka meir langsiktig enn den raudgrøne regjeringa gjorde, seier Hallvard Surlien, talsmann for Grøn Ungdom.

– Kvifor treng me eigentleg eit framtidsombod? Bør ikkje alle politikarar tenkja på økologisk og økonomisk berekraft om dei ønskjer å bli attvald?

– Det bør dei openbart. Framtidsombod vil tvinga politikarane og partia til å tenka lengre enn i fireårsperiodar. Sjølv om alle politikarar er opptatt av rettane til barn, er det få som stiller spørsmål ved om å me treng eit barneombod. Det er fordi dei gjer ein viktig jobb, og framtidsombodet vil gjera ein tilsvarande viktig jobb ved å kjempa for rettane til dei som ikkje er fødd endå, held Surlien fram.

LES OGSÅ:Grønt krav om framtidsombod

– Skeptisk
Leiar i Unge Venstre og nyvald stortingsrepresentant frå Venstre, Sveinung Rotevatn (V), er skeptisk til eit framtidsombod.

– Me er skeptiske på prinsipielt grunnlag. Det er politikarane som skal vera ombod for folk, og me er skeptiske til at stadig fleire statlege ombod. Me er positive til at svake grupper har eigne ombod, som til dømes Barneombodet.

– Om ikkje politikarane skal vera ombod for framtida, kven skal vera det då? spør Sveinung Rotevatn (V).