– Noreg er minst dårleg i klassen

Noreg har rykte på seg for å vere verdas mest likestilte land, men kvar meiner politikarane at me må gjere meir?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har tidlegare toppa lista over verdas mest likestilte land, men i fjor måtte me sjå oss slått av Island på fyrsteplass og Finland på andre. Det er likevel ingen tvil om at me ligg i toppsjiktet.

I 100 år har norske politikarar kjempa om stemmene til både mannlege og kvinnelege veljarar. Kampen for kvinners stemmerett er vunne for lenge sida. I valkampinnspurten har Framtida.no spurd politikarane kva som er den viktigaste likestillingssaka framover.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarane i debatt om likestilling

– Ufrivillig deltid er sosial dumping
Jette F. Christensen, andrekandidat i Hordaland Ap, meiner at likestillingskampen er langt frå over og at den viktigaste saka framover er å sikre kvinner heiltidsarbeid.

– Ufrivillig deltid er berre eit anna ord for sosial dumping av kvinner. Når du har ei 13,5 prosent stilling, men ender opp med å arbeide 100 prosent, har du berre rettigheiter knytt til dei 13, 5 prosentane, seier Christensen, som meiner at barnehageutbygginga er det viktigaste likestillingstiltaket som er gjort i nyare tid.

Når ein ser på SSB sin statistikk over likestilling I Noreg frå 2008-2011er det kjønnsfordelinga på deltidsarbeidande den faktoren som skårar dårlegast, noko som bidreg til eit lønsgap mellom kvinner og menn.

– Noreg er verdas mest likestilte land, men det betyr berre at me er minst dårleg i klassen, meiner Christensen.

LES OGSÅ: Ap vil kvotere inn kvinner som sjefar

Samansett deltidsproblem
Deltidsproblematikken opptek fleire. Gina Barstad, andrekandidat i Hordaland SV, meiner at den største utfordringa for likestillinga i Noreg er likeløn.

– Damene som driv velferdsstaten får altfor dårleg betalt. Det viktigaste no er å få plass ein heiltidskultur, seier Barstad.

Ho peiker på allereie innførte tiltak, som at ein arbeidstakar har rett til å få vurdert å utvide stillinga si, før nye stillingar vert utlyst.

Men deltidsproblematikken, som i særleg stor grad rammar helsevesenet, men òg skular og barnehagar, er samansett.

– Mange kvinner går ned i stilling fordi arbeidet er for tungt og tek då den økonomiske lasta av underbemanning, meiner Barstad.

Ho peikar òg på at økonomisk fridom er viktig for at kvinner skal kunne bryte ut om dei lever i valdelege forhold.

Vald mot kvinner og valdtekt er noko som særleg opptek Barstad.

– Kvar haust kjem debatten om korleis kvinner kan unngå å verte valdtekne. Eg tykkjer det er ein nedslåande debatt å ta, fordi det flyttar fokus frå overgriparen til offeret.

LES OGSÅ: Blant dei best likestilte kommunane i landet

– Skulen er verste eksempelet for menn
Leiaren i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner at større likestilling på arbeidsmarknaden er den viktigaste likestillingssaka framover. Han peiker på lønsforskjellar som ein stor del av problemet.

– Me må ha eit velferdssystem som gjer at det løner seg å arbeide. Det er særleg viktig med like gode sosiale rettar for gründerar, som for andre arbeidstakarar, seier Rotevatn, som meiner at lite sosial tryggleik, mellom anna knytt til foreldrepermisjon, kan vere noko av grunnen til det låge talet på kvinnelege gründerar.

Men likestilling handlar om meir enn kvinner.

– Det verste eksempelet på likestilling for menn er kanskje skulen, der gutar jamt over gjer det dårlegare og har høgare fråfall enn jentene, meiner Rotevatn.

Han meiner at gutane i skulen er ei litt gløymd likestillingssak. For å bøte på fråfallet, som i stor grad er eit problem i yrkesfaga, vil Venstre ha meir praktisk retta yrkesfag, betre rådgjevarar og 1000 nye helsesystrer, som kan ta seg av problem så tidleg som mogleg.

– Det er betydeleg fleire kvinnelege lærarar, særleg i grunnskulen. Det er uvisst kvifor, men gutar presterer faktisk betre på skulen med ein mannleg lærar, fortel Rotevatn, som etterlyser fleire mannlege lærarar og betre kjønnsrollebalanse i skulen.

Artikkelen held fram under biletet.


Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn meiner gutane i skulen er ei gløymd likestillingssak. Foto: Martin Bekkelund/Flickr

LES OGSÅ: Få teikn til meir likestilling

Kvinnelege førebilete
Leiaren i Senterungdommen, Sandra Borch, har lenge kjempa for kvinneleg verneplikt. Ho jubla då eit stort fleirtal på Stortinget gjekk inn for dette tidlegare i år.

– Den viktigaste likestillingssaka no er likeløn for typiske kvinneyrke. Me treng ufatteleg mange nye helsearbeidarar. Då treng me også eit lønsløft for denne gruppa, seier Borch.

Leiaren i Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy, er einig med Borch og kallar kjønnsnøytral verneplikt den siste bøygen for likestilling.

– Eg meiner at likestilling er like plikter og like rettar. Den største utfordringa for likestillinga er at det er få kvinnelege leiarar i det private næringslivet, sist eg sjekka var mellom 97 og 98 prosent av leiarane menn, seier Sandøy.

– Her er det viktig med gode kvinnelege førebilete og at det offentlege går føre med eit godt eksempel, meiner Sandøy, som ikkje har tru på kvotering.

LES OGSÅ: – Likestilling skapar større ulikskapar

– Vanskeleg å endra med politikk
Leiaren i KrFU, Elisabeth Løland, meiner at skeiv maktfordeling i samfunnet og vald mot kvinner er dei to viktigaste likestillingssakene i dag.

– Det er få kvinnelege toppleiarar, få kvinnelege rådmenn og berre 7 promille av verdiane på Oslo Børs er eigd av selskap som er styrt av ei kvinne, skriv Løland i ein e-post.

Valdtektsoffer og kvinner som er utsett for partnarvald treng betre tiltak, meiner KrFU-leiaren.

– Me treng tilgjengelege valdtektsmottak i alle kommunar, og både kvinner og menn som er utsett for seksualisert vald må møte tilsette på legevakta som veit korleis dei kan hjelpe dei best mogleg, skriv Løland, og legg til:

– Valdtekt må alltid verte etterforska.

Ungdomspolitikaren meiner at maktbalansen i næringslivet er vanskeleg å endra med politikk.

– Her må me unge kvinner støtte kvarandre, hjelpe kvarandre og anbefala kvarandre slik som mange menn er flinke til å gjere, meiner Løland.

FpU-leiar Himanshu Gulati meiner at den viktigaste likestillingskampen framover handlar om minoritetskvinner.

– Me må syta for at alle minoritetskvinner i Noreg har den same fridomen til å bestemma over eige liv som me andre tek for gitt, skriv Gulati i ein e-post.

Eit av dei viktigaste likestillingstiltaka er ifølgje Gulati retten til sjølvbestemt abort, og med det retten til eigen kropp og seksualitet.

LES OGSÅ: Vil ha far i fokus på lik linje med mor

– Viktig å få menn heim
Ingrid Ophaug Dahl er talsperson i Grøn Ungdom. Ho meiner at det er for tidleg å avblåsa likestillingskampen og at likeløn er eit viktig punkt.

– Men likestilling handlar om meir enn løn og arbeid. Samstundes som det er viktig med rett til heiltid for kvinner, er det òg viktig med rett til deltid for menn. Me har til dels vunne kampen om å få kvinner i arbeid, no er det viktig å få menn heim, seier Dahl, som meiner at pappaperm er eit viktig tiltak.

I tillegg til dette er Miljøpartiet Dei Grøne opptekne av at transpersonar ikkje skal verte diskriminerte og går inn for juridisk rett til å skifte kjønn, utan å måtte ta kjønnskorrigerande operasjonar.

LES OGSÅ: – Me kan spørje oss om me har gått for langt

Artikkelen held fram under biletet.


Leiar i Raud Ungdom, Seher Aydar, meiner homofilt ekteskap og sexkjøpslova er viktige likestillingstiltak. Foto: Raud Ungdom.

Skjønnheitstyranni
Leiar i Raud Ungdom, Seher Aydar, nemner homofilt ekteskap og sexkjøpslova som viktige likestillingstiltak.

Aydar tykkjer det er vanskeleg å prioritere kva likestillingskampar som bør takast først, men framføre likeløn og merking av retusjert reklame for å stogga skjønnheitstyranniet kjem ein ting:

– Kampen mot vald og valdtekt av kvinner er svært viktig. Det handlar om kvinners rett til å kjenne seg trygg i heimen og på heimvegen, seier Aydar, som meiner at førebyggjande arbeid i skulen må kome i tillegg til auka ressursar til krisesenter, overgrepsmottak og meir ressursar og kunnskap til politiet.

LES OGSÅ: Vil opne auga dine