Kan verte først i Asia
I Thailand vert det no fremma eit lovforslag om at likekjønna par skal få same rettar som ektepar med ulikt kjønn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Thailand kan verte det første asiatiske landet som tillèt homofile ekteskap. Det er thailandske parlamentsmedlem og interessegrupper for lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar (LHBT), som har fremma lovforslaget, skriv den tyske avisa DW.no.
LES OGSÅ: Kinesiske homofile gifter seg framfor å stå fram
Underskriftskampanje
For å få lovforslaget opp i parlamentet treng dei støtte frå 20 parlamentsmedlemmer eller ha 10.000 underskrifter.
No har dei om lag 4.000 underskrifter ifølgje det thailandske parlamentsmedlemmet Wiratana Kalayasiri, leiar av komiteen som arbeider med forslaget.
I nabolanda Myanmar, Malaysia, Singapore og Brunei er seksuelle forhold mellom to personar av same kjønn framleis forbode. Thailand derimot, avkriminaliserte homofile og lesbiske forhold allereie i 1956, noko Noreg gjorde først i 1972.
LES OGSÅ: Homofile i hymens lenker
Vald mot lesbiske
Det er likevel ulike haldningar til ekteskap mellom to personar av same kjønn.
– Dei som er imot lovforslaget er gjerne over 45 år. Dei fleste unge støttar det. Det er difor folks deltaking er viktig for at det skal verte ein suksess, sa Demokraten Wiratana Kalayasiri, som òg har uttalt til nyheitsbyrået Reuters at han trur forslaget vil gå igjennom.
Thailand er verdskjend for sine mange ladyboys, men trass i eit samfunn som verkar tolerant har dei hatt tilfelle av vald og drap på bakgrunn av legning. I 2011 var det fleire tilfelle av drap på kvinner fordi dei var lesbiske, ifølgje Reuters.
LES OGSÅ: – OL ut av Russland!
20-års aldersgrense
Ei undersøking gjort i den thailandske befolkninga syner at nesten 60 prosent av befolkninga er imot homofile ekteskap, ifølgje Bangkokpost.
I forkant av at Noreg fekk partnarskapslova i 1993, vart det diskutert korleis lovforslaget skulle verte utforma, samt om ein skulle gå så langt som å foreslå likekjønna ekteskap med det same. Den same diskusjonen har gått føre seg i Thailand.
I forslaget som ligg framme i Thailand skal aldersgrensa for likekjønna ekteskap vere 20 år, medan grensa for ekteskap mellom mann og kvinne er 17 år, noko som vekkjer negative reaksjonar i delar av LHBT-miljøet i Thailand.
Ei anna innvending er at partane må registrere kjønnet sitt ved partnarskapsinngåing.