– Ferjefri E39 vil skapa problem i utkantane
Gjev større forskjellar mellom ytre og indre strok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gjev problem for utkantane
Ny stamveg langs kysten vil gje eit sterkt sørvestland mellom Bergen, Haugesund og Stavanger som ein motpol til Oslo. Men samstundes vil områda som ikkje er berørt av vegen, få meir problem, meiner professor.
Ferjefri E39 vil føre til større skilnader mellom indre og ytre strok på Vestlandet, seier professor i samfunnsplanlegging Jørgen Amdam til NRK.
Han peikar på at ein vil få ein sterk region mellom Bergen, Haugesund og Stavanger, som kan få 7-800.000 innbyggjarar. Også i Møre og Romsdal vil det bli tettare kontakt mellom dei fire byområda, og dei kan også dra med seg delar av Nordfjord.
LES OGSÅ: Slik skal Vestlandet bli ferjefritt
Men når det gjeld andre område av Vestlandet er han mindre optimistisk:
– Dei store utkantområda, som er størsteparten av Sogn og Fjordane, indre delar av Møre og Romsdal og Hordaland, kjem til å berre få aukande problem fordi tyngdepunkta blir skyvd ut mot desse to sentrumsområda, seier Amdam til NRK. (©NPK)
LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til ferjefri E39
Slik ser Statens vegvesen for seg at Sognefjorden kan bli ferjefri:
Kva meiner du om ferjefri E39? Kva meiner du skal til for å skapa aktivitet i indre strok også?