I dag les forfattaren helst sakprosa, men som tenåring gjorde The Perks of Being a Wallflower inntrykk.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 02.08.2022 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle ynskje eg var så god som Anne Bitsch og at eg kunne ha skrive Brorskapet, skriv Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen på e-post til Framtida.no.

I Brorskapet tek Anne Bitsch føre seg drapet på Benjamin Hermansen 26. januar 2001 og det nynazistiske miljøet i Noreg som gjerningspersonane høyrde til.

Sjølv er Knudsen både samfunnsdebattant og forfattar, og debuterte i år med si første bok: Det er personlig. Om rasisme og ytringsfrihetFramtida.no sin meldar meinte boka er ei som gjer lesaren klokare.

Til vanleg er 25-åringen tilsett som rådgjevar i tenketanken Minotenk, noko som inneber at ho les mange fagbøker. Utanom det anslår ho at ho rekk 10 bøker i året.

Framtida.no har kika i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Ein lykkeleg slutt av Maren Uthaug.

Kva bøker les du helst?

– Sakprosa.

Kor les du?

– Heime i stova.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Mamma las mykje Anne-Cath. Vestly til meg som liten.

Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo Bymuseum/CC BY SA 2.0

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Då må eg nok tilbake til The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky.

Omslag: Cappelen Damm

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Han er godt anerkjend, men eg kunne ynskje at fleire hadde lese Orientalism av Edward Said!

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Å seie noko viktig samtidig som ein har godt språk som flyt. Så enkelt, men så vanskeleg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Vigdis Hjorth – det hadde vore interessant trur eg!

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Tore Renberg!

Kven skulle fått hovudrolla i ein film eller teateroppsetting av ditt liv?

– Rihanna hadde passa godt, haha!


Foto: Tove K. Breistein / Omslag: Samlaget / kollasj Framtida.no

Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen

Alder: 25

Frå: Bergen

Utdanning: 2 år med samanliknande politikk ved UiB før eg droppa ut og flytta til Oslo

Yrke: Rådgjevar i Minotenk og forfattar