Ni av ti rektorar vil omorganisere

Ni av ti rektorar meiner skulen i dag er ineffektiv og må omorganiserast.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Skulen er ineffektiv

Det viser ei undersøking Skolelederforbundet har gjennomført blant 415 rektorar frå alle skuleslag i heile landet.

Undersøkinga viser at eit overveldande fleirtal av rektorane ikkje er nøgde med korleis skulen er organisert i dag.

*Ni av ti meiner skulen treng fleire administrativt tilsette, slik at rektor faktisk får tid til å følgje opp lærarane.

*Sju av ti rektorar meiner dei har for lite fridom til å fordele personalressursar og oppgåver.

For lita tid
Forbundsleiar Solveig Hvidsten Dahl meiner tala viser at norsk skule treng ei modernisering av organisasjonsstrukturen.

– Skuleleiarar må ikkje gjerast til juridiske saksbehandlarar og rekneskapsførarar. Dei treng tid til å utøve pedagogisk leiarskap, slik at læringsutbytte for elevane kan sikrast, seier ho til NTB.

I tillegg til fleire administrativt tilsette, svarar rektorane i undersøkinga at skulen også har stort behov for vernepleiarar, psykologar og barne- og ungdomsarbeidarar for å møte krava samfunnet set til skulen

– Opp til kommunane
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier ho har stor forståing for at skuleleiarane ønskjer å betre kunne følgje opp det pedagogiske arbeidet i skulen.

– Kommunane har stor fridom til å organisere skulane på ein måte som gjer dette mogleg, seier ho til NTB.

Halvorsen seier ho i ei stortingsmelding tidlegare i år varsla eit pilotprosjekt for bruk av fleirfagleg kompetanse i skulen.

Eitt nytt prosjekt for å kartleggje kor mykje tid skuleleiarar og lærarar i dag må bruke på å rapportere til ulike styresmakter, skal også hjelpe rektorar og lærarar til å få ein betre balanse mellom rapportering og tid til å forbetre eiga leiing, undervising og skulen som organisasjon, seier Halvorsen. (©NPK)