17 prosent av unge følgjer nyheitene berre i sosiale medium

17 prosent av unge vaksne får med seg nyheitsinformasjon berre via sosiale medium, ifølgje Norsk mediebarometer 2021.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

65 prosent i aldersgruppa 16 til 24 år får med seg nyheiter via tradisjonelle medium som TV, radio og aviser dagleg.

– Dei fleste unge får med seg nyheiter via fleire ulike kanalar. Men 17 prosent oppgir at dei berre får nyheitsinformasjon via sosiale medium, seier seniorrådgivar Emma Castillo Schiro, som er ansvarleg for Norsk mediebarometer 2021.

Kva held deg mest oppdatert på nyheiter?

Kva held deg mest oppdatert på nyheiter?

Radio4
TV8
Nettaviser/aviser28
Sosiale medium33
Foreldre/vennar/kjende3
Anna1
Svar totalt: 77

Sosiale medium har vorte ei nyheitsplattform

Barometeret viser at 39 prosent av befolkninga konsumerte nyheiter i sosiale medium ein gjennomsnittsdag i fjor.

– Sosiale medium har vorte ei plattform for nyheiter på lik linje med dei tradisjonelle media, seier Schiro.

Snapchat og Instagram er mest populært som nyheitsplattform for dei mellom 16 og 19 år. Blant vaksne over 25 år er det Facebook som blir mest brukt til nyheitsformål.

Ifølgje Schiro er det fleire yngre som ikkje følgjer med på nyheiter i det heile, verken via sosiale medium eller tradisjonelle plattformer.

– 18 prosent i alderen 16–24 år er såkalla nyhetsunnvikarar, seier Emma Schiro.


Illustrasjonsfoto: Gilles Lambert on Unsplash , Faksimile frå Dagbladet.no. Kollasj: Framtida.no