5 tips til deg som gruar deg til påskematen
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
1. Planlegg
For nokre kan det vere fint å planleggje litt før påska er i gang. På nettsida vår finn du eit planleggingsskriv (link til PDF). Gå gjennom det åleine eller saman med dei du er glad i.
2. Ta ein dag om gongen
Hald fokus på små sigrar – eit lite smil, sola som kjentest god mot huda, ein kopp kaffi som smakte ekstra godt, ei god bok, ein søt hund, fuglane som kvitrar…
3. Et regelmessig
Det kjedelegaste rådet, men prøv å ete jamt og trutt så langt det let seg gjere. Dette gjer ein meir robust for overeting/oppkast.
4. Ta timeouts
Ta deg timeouts når du treng det! Trekk deg tilbake for ein time eller to. Gjer noko for deg sjølv, der du får tid til å samla tankane.
5. Ver der du er i prosessen
Elles ynskjer eg å seie at det er heilt greitt om du vil ta ein pause frå å jobbe med deg sjølv. Det er greitt å vere der du er i din prosess.
- Les også: – Det skal ikkje bli ei eteforstyrra påske