Sosiale medium gjev halvparten av unge turmotivasjon

Halvparten av unge blir motiverte til turar i skog og mark av sosiale medium.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå ei undersøking av Ipsos, på initiativ frå Norsk Friluftsliv, viser at 52 prosent av dei mellom 15 og 24 år opplever at sosiale medium inspirerer dei til å gå tur eller anna friluftsliv.

Instragram er den største inspirasjonskjelda, men òg Facebook, Snapchat og TikTok blir nemnde.

Samstundes som 1 av 2 unge blir motiverte til tur av sosiale medium, blir fleire eldre også inspirerte til tur gjennom Facebook og Instagram, skriv Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

– Ingenting er betre enn om skjermane vi brukar så mykje tid framfor, også kan motivere folk til å kome seg opp av sofaen og ut i naturen, seier generalsekretær Bente Lier.


Vil du verte meir friluftsvand? Her er tipsa frå eventyrarane!

Anna Nes (DNT Ung leiar), John Hobberstad (Eventyrgutten) og Karen Malena Kyllesø (Friluftsjenta) deler sine beste friluftstips for nybyrjarar. Foto: John Hobberstad