EU førebur seg på millionar av flyktningar frå Ukraina
Rundt 400.000 ukrainarar har allereie flykta til EU-land, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Talet er venta å auke, og EU vurderer no å gi dei opphald i opp mot tre år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I denne historiske augneblinken er vi nøydde til å ta den rette avgjerda, seier Belgias immigrasjonsminister Sammy Mahdi.
Søndag kom EUs innanriksministrar saman for å diskutere koordinerte grep for å handtere den stadig aukande flyktningstraumen frå Ukraina. Etter at den russiske invasjonen starta torsdag, har rundt 400.000 ukrainarar flykta til EU-land, ifølgje AFP, omtrent halvparten til Polen.
Diskuterer opphald i tre år
Ukrainarar med biometriske pass slepp allereie inn i EU-land og Schengen-området utan visum og kan i utgangspunktet bli i opptil tre månader. No diskuterer EU-landa å gi ukrainske flyktningar ein vernestatus som gir dei rett til å bu og jobbe i EU i tre år.
– Eit stort fleirtal av ministrane var for å gjere dette raskt, seier Frankrikes innanriksminister Gérald Darmanin.
EUs innanrikskommissær Ylva Johansson seier at medlemslanda må vere klare til å tilby opphald utover dei tre månadene, og at dei må førebu seg på at det potensielt kan komme millionar av flyktningar frå Ukraina.
Sidan Noreg er del av Schengen-samarbeidet, kan ukrainarar i utgangspunktet òg reise visumfritt til Noreg.
- Les også meiningsinnlegget: «Noreg har ei særskild moralsk plikt til å støtta Ukraina»