Victoria’s Secret droppar englane – omfamnar mangfaldet
Sofía Jirau skapar historie som den første Victoria's Secret-modellen med Downs syndrom. I den nye kampanjen får 24-åringen selskap av modellar med ulike fasongar, funksjonsvariasjonar og aldrar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kampanjen inneheld atten «dynamiske kvinner med ein myriade av bakgrunnar», skriv undertøysmerket i ei pressemelding.
Victoria’s Secret har lova ei meir inkluderande linje, og dei 18 kvinnene som er modellar i Love Cloud-kampanjen skal styrke denne lovnaden, skriv dei.
– Love Cloud Collection er ein stor augeblink i merkevara si utvikling. Frå dei utrulege kvinnene som bringer kolleksjonen til live, til den utrulege inkluderande stemninga på settet, er denne kampanjen ein viktig del av den nye Victoria’s Secret-standarden vi lagar, uttalar Raúl Martinez, som er ny kreativ direktør for merket.
Kritisert
Victoria’s Secret har dei siste åra blitt møtt med kritikk for å berre fronte éin type utsjånad.
No har merket staka ut ein ny, meir inkluderande kurs. I 2021 oppretta dei det dei kalla The VS Collective, som dei skildra som ei partnarskapsplattform med ei rekkje stjerner som skal fungere som rådgjevarar og medverke i kampanjar og promotere merket i sosiale medium.
Dei kjente «englane» deira, modellane som fekk størst plass i visningane, er òg historie.
– Då verda endra seg, var vi for treige. Vi må slutte å vere det menn vil ha, og heller vere det kvinner vil ha, sa administrarende direktør i Victoria’s Secret, Martin Waters, den gong, ifølgje Nettavisen.
Første modell med Downs syndrom
Blant modellane i kampanjen, er Sofía Jirau. Ho er den første Victoria’s Secret-modellen i historia med Downs syndrom, melder HuffPost.
– Eg pleidde å drøyme om det, eg jobba hardt for det og i dag er det ein draum som har gått i oppfylling, skriv den puertorikanske modellen på Instagram.
Det var Melk & Honning som først skreiv om saka i norske medium.
– Endeleg kan eg røpe min store løyndom. Eg er den første modellen for Victoria’s Secret med Downs syndrom», held 24-åringen som debuterte under New York Fashion Week for to år sidan fram.
Se dette innlegget på Instagram
- Les også om undertøysmerket som vel modellar utan å ha sett dei: – Unikskap er den ekte normalen.