Lagar språk for tv-seriar
Den amerikanske lingvisten David J. Peterson har laga det populære språket dothraki.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så mange språk har han laga
David Peterson er mannen som har laga framande språk for den populære fantasy-serien Game of Thrones. I tillegg til dothraki, språket som er snakka av hestefolket til den krigerske dragekvinna Daenerys Targaryen (Emilia Clarke), har han laga språka valyrisk, ashai'i og skroth, til same univers.
– Det er lett å lage eit språk som ikkje høyres ekte ut, for å få det til å verke autentisk er det viktig å få med ei historisk djupne, fortel David J. Peterson til britiske The Guardian.
LES OGSÅ: Kortidsminne viktig for å lære språk
Banne på dothraki
For å skape språket til serien gjekk Peterson ut frå dei orda forfattar George R. R. Martin allereie hadde laga i dei originale bøkene. Vidare studerte han andre kulturar med same levesett som dothrakiane.
– Det er til dømes ikkje noko ord for bok i språket dothraki, fordi dei ikkje har noko skriftleg språk, bøker eller papir, forklarar Peterson, og legg til:
– Seinare kjem dothrakiane i kontakt med folk som snakkar valyrisk, og kan låne ord frå dei.
I tillegg til praktiske ord har Peterson sytt for at dothraki har eit sett med negativt ladde ord.
– Fleirparten av verdas språk har banneord knytt til ekskrement og kroppsdelar, det same har dothraki, fortel Peterson.
TV-serien Game of Thrones har gjort stor suksess og det kan sjå ut til at språket dothraki har gjort det same.
Ei nettside kalla Dothrawiki og ei uoffisiell dothraki ordbok er oppretta for språket. Her kan ein mellom anna lese at ordet erinat tydar å vere snill, inspirert av Peterson si kone Erin.
LES OGSÅ: Lær eit språk på 140 teikn
Alvisk i gifteringar
Peterson er leiar for The Language Creation Society (LCS), som er skipa for å fremje fiktive språk. Han har òg laga utanomjordiske språk for tv-serien Defiance.
Det er langt frå uvanleg at fiksjonsspråk vert populære. Eit godt eksempel på dette er J.R.R Tolkien sitt alviske språk frå Ringenes herre triologien. Helge Kåre Fauskanger står bak nettsida Ardalambion, som handlar om Tolkien sine språk.
– Tolkien er ein instutisjon som det er vanskeleg å måle seg med. Slik eg har forstått det, er dothraki laga for å verke halvt barbarisk, i motsetnad til alvisk som er meir flytande og vakkert, meiner Fauskanger.
Fauskanger tykkjer dothraki er godt laga.
– Det verkar ikkje som om skodespelarane ramsar opp ting, og dei har ikkje engelsk aksent, peikar Fauskanger på.
Om dothraki kan måle seg med Tolkien sitt språkunivers er ikkje Fauskanger viss på.
– Alvisk har det estetiske skriftspråket tengwar, som er populært i tatoveringar og gifteringar, denne skriftlege forma manglar dothraki.
Sjå David J. Peterson halde TED-foredrag om å lage eit nytt språk her.