– Styr unna hobbyen som yrke
NHO ber ungdom slutte å velje hobbyen sin som yrke, og heller satse på maritim kompetanse og realfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– No må det kome eit tøffare og meir målretta satsing på utdanning. Mange ungdommar vel feil. Dei utdannar seg til hobbyen sin, seier NHO-direktør i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg til NRK. Ho peikar på at Noreg er eit lite land, og at ikkje alle kan leve av hobbyen sin. Derfor meiner ho ungdom må utdanne seg til yrke næringslivet har bruk for.
Ytreberg peikar på at gigantutbyggingar innan mellom anna gass, vil gje auka behov for ingeniørar og folk med maritim kompetanse i åra som kjem.
LES OGÅ: «Nyttige» studium kan gi stipend-gevinst
Til arbeidsløyse
Ytreberg meiner det er ei stor utfordring å få ungdom til å velje utdanning næringslivet har behov for, og at for mange utdannar seg til arbeidsløyse. Spesielt meiner ho det er for mange som vel song, dans og drama, men også fag som idrett og media og kommunikasjon.
– Nålauga er tronge, og det er å lure ungdommen om ikkje forelda og rådgjevarar ikkje ser dette. Det bør vere ærlege på kva moglegheiter ungdommen har, seier Ytreberg til NRK.
LES OGSÅ: Meiner musikk, dans og drama er lureri