Venezuela sette ny verdsrekord i korps
13. november deltok tusenvis av unge musikarar på ein massiv konsert i Venezuela. Konserten var eit forsøk på å bli verdas største spelande orkerster.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Konserten vart sett saman av El Sistema, som er eit landsdekkjande ungdomsorkester i Venezuela. Kvar musikar måtte spela i minst fem minutt, og dei fekk ikkje lov til å dela instrument, skriv Newsforkids.
Andres David Ascanio som var dirigent for orkesteret, oppfordra alle til å ikkje slutta å spela, uansett kva som skjedde.
– Ikkje stopp, sjølv om ein av strengene på instrumentet ditt ryk, sa han til dei.
Rekord-orkester
To hundre og femti vakter var spreidde rundt blant utøvarane, slik at dei kunne sikra at reglane vart følgde.
Til slutt talde Guinness World Records at det totalt var 8.573 stykker i orkesteret. Det var nok til å ta ny verdsrekord!
Den førre rekorden vart sett i Russland, der eit orkester på 8.097 musikarar spelte nasjonalsongen.
- Les også: Dinosauregg får forskarar til å juble