– Staten bør selje seg ut av Statoil
Fleire økonomiprofessorar meiner staten bør vurdere å selje seg ut av Statoil. Årsakene er blant anna klimapolitikken til regjeringa og Statoils utanlandssatsing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Staten eig 67 prosent av aksjane i oljeselskapet, og økonomiprofessor Tore Nilssen ved Universitetet i Oslo meiner det er på tide å vurdere om det framleis skal vere slik, skriv Stavanger Aftenblad.
– Det er på høg tid at vi tar ein skikkeleg debatt om eigardelen til staten i Statoil. Etter mi meining bør staten selje seg ut eller i det minste kraftig ned i selskapet, seier Nilssen.
Han har merkt seg Statoils investeringsiver i utlandet, og meiner det ikkje er oppgåva til staten å støtte ei slik satsing. Nilssen meiner også at klimapolitikken skaper trøbbel.
LES OGSÅ: Bensin på bålet
– Det er eit enormt sprik mellom å investere i regnskog og oljesand. Her står norske styresmakter bevisst i ein brei spagat. Eigarrolla til staten kunne vore brukt til å gjere spriket mindre, men det ville kravd meir aktivt eigarskap i enkeltsaker, slår Nilssen fast.
Professor Gunnar S. Eskeland ved Norges Handelshøyskole er samd.
– Eg ser at det kan liggje ein kjenslemessig dimensjon knytt til statleg eigarskap av Statoil. Men kanskje vi skal erkjenne at rolla til selskapet ikkje er den same som før, seier han.
LES OGSÅ: 33 milliardar til korrupsjonsparadis
Fleire andre ekspertar deler synet til dei to professorane, men mange fryktar at utflagging blir resultatet dersom staten trekkjer seg ut av selskapet. (©NPK)