– Kampen for toget må trappast opp

– Nasjonal transportplan syner at me i all hovudsak er ignorerte av det sentrale politiske miljøet, seier Pål Berrefjord i Bergensbanen4timer.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar for fire timar

– Det er skremmande at nasjonalforsamlinga ikkje ser ut til å ta ansvar for forfallspolitikken Bergensbanen er råka av. Me må trappa opp kampen for togstrekkja, og me startar dette arbeidet på Voss, seier Pål Berrefjord.

22. mai inviterer han og Bergensbanen4timer difor til folkemøte på Fleischer’s.

– Her skal me fortelja om kampen vår for Bergensbanen4timer til no, og korleis me ser føre oss vegen vidare, seier Berrefjord som gjennom informasjonsselskapet Opus3 i Bergen er prosjektleiar for Bergensbanen4timer.

Kampanjen har så langt stort sett gått i politiske kretsar og i sosiale media.

– No vil me ut og treffa folk som kan få hjelpa aksjonen vidare. Me trenger drahjelp, for det politiske miljøet held fram med å ignorera saka, sier Berrefjord som i tre år har jobba med prosjektet ”Bergensbanen4timer”.

LES OGSÅ: Kina vil byggja lyntog i Norden

Veksande engasjement
Bergensbanen4timer har sidan 2011 jobba for å etablera Bergensbanen som eit nasjonalt prosjekt, slik Noreg på rask tid fekk etablert Gardermobanen på 1990-tallet. Aksjonen har vakse og har om lag 6000 tilhengjarar på Facebook og 18 samarbeidsbedrifter.

– I løpet av dei ti neste åra legg regjeringa opp til at me skal bruka om lag 5,2 milliardar på investeringar langs Bergensbanen, medan kapitalbehovet er på om lag 50 milliardar. Viss regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan vert vedteke er truleg det einaste som skjer med Bergensbanen dei ti neste åra at me får dobbeltspor i Ulrikstunnelen mellom Bergen og Arna. Likevel går Arbeiderpartiet og SV til val på at dei no vil byggja Ringeriksbanen og korta reisetida monaleg. Dei har gått ut og feira ingenting. Dette krev avklarande svar frå Jens Stoltenberg, sier Berrefjord.

Heller ikkje signala frå Høgre er han tilfreds med.

– Erna Solberg har vore klar på at ho vil byggja Ringeriksbanen innan 2024 og at ho vil trappa opp innsatsen for kryssingsspor langs heile traseen. Om ho vert statsminister kan me venta oss dette, men ikkje eit heilskapleg nasjonalt skippertak.

LES OGSÅ: Kva skjer med Bergensbanen?

Vil møta statsministerkandidatane
Bergensbanen4timer ynskjer no eit møte med Erna og Jens saman.

– Me ynskjer oss ein halvtime saman med dei for å diskutera den viktigaste jernbaneforbindelsen i landet. Med alle støttespelarane me har, burde statsministerkandidatane snart finna tid til oss, seier Berrefjord og legg til:

– Me jobbar aktivt for at heile det politiske miljøet skal gjera Bergensbanen til eit nasjonalt prosjekt, og vonar i det minste Erna og Jens kan gje oss ein sjanse til å diskutera saka med dei, òg «on record».

Før NTP vert vedteken av Stortinget, har Bergensbanen4timer foreslått fem forslag til merknader dei meiner heile det politiske miljøet kan samla seg om.

– Det er ikkje noke abra kadabra. Punkta me treng for å få framgang, har me summert opp i fem enkle merknader Jens og Erna og alle dei andre partia på Stortinget kan samla seg om dersom dei ynsker å innfri løfta dei over lang tid har servert sine potensielle veljarar. Skal me tru dei no, må det handlekraft til. Me påpeiker korleis. Det einaste dei treng, er å innfri krava våre, seier Berrefjord.

Les saka i Avisa Hordaland!