Bruk av svanemerkte stearinlys kan kutte CO2-utslepp tilsvarande 37.000 bensinbilar

Rett stearinlys kan vere viktig klimatiltak, ifølgje Svanemerket.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stearin-forbruket er høgt i Noreg. Kvart år brenn vi nærare 25.000 tonn levande lys, og litt over 85 prosent er laga av parafin, opplyser Svanemerket i ei pressemelding.

Dersom alle berre hadde nytta svanemerkte stearinlys, som er laga av minst 90 prosent fornybart materiale, ville det kunne gitt reduserte klimagassutslepp på nær 60.000 tonn CO2 årleg, omtrent like mykje som 37.000 nyare bensinbilar.

– Dette er ein god illustrasjon på at sjølv dei små kvardagsvala betyr noko i den store samanhengen. Sjølvsagt må vi ta mange meir effektive grep mot klimaendringane, men eit koselegare klimatiltak skal du leite lenge etter, seier kommunikasjonssjef Anne-Grethe Henriksen i Svanemerket.


Foto: Unsplash/George Beridze