Kina vil byggja ut lyntog i Norden

Kina tilbyr seg å finansiera eit nytt skandinavisk jernbanenett for lyntog – så lenge dei får byggja sjølv.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kinesarane lovar eit ferdig høgfartsnett mellom dei største storbyane i Skandinavia på tre til fire år.

Direktøren i China National Machinery Import & Export Corporation (CMC), Zhou Jun, la fram eit nesten ferdig lyntogtilbod til dei nordiske landa under konferansen «The Scandinavian 8 Million City» i Stockholm.

LES OGSÅ: – Lønsamt å driva lyntog

– Inga grense
Den kinesiske Exim Bank stiller opp med dei pengane som det er trong for.

– Det finst inga grense for kor mykje de får låna, sa Zhou Jun under presentasjonen sin i Stockholm, ifølgje det svenske teknologibladet Ny Teknik.

Vilkåret er at kinesiske selskap står for utbygginga, og at det blir kinesiskproduserte tog som rullar på skinnene.

Ifølgje SvD Näringsliv er det venta at det vil kosta Sverige 100 milliardar kroner å knyta dei svenske storbyane Malmø og Gøteborg til Oslo og København.

LES OGSÅ: Ringeriksbanen milliardmaskin

– Lyntog passar kaldt klima
På den same konferansen presenterte ein japansk delegasjon lyntoget Shinkansen.

Japanarane skrytte av dei få ulykkene dei har hatt med toget, at det taklar vanskelege vinterforhold, og at det som regel er i rute: Toget har i snitt vore forseinka med 54 sekund sidan 1991.