Seier nei til ferjefri E39

– Heller tog enn ferjefri E39, seier talsperson for Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag opna landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne på Månefisken i Oslo. Det er venta at landsmøtet vil vedta å seia nei til ferjefri E39, og ja til å starta bygging av første høgfartsbane i neste stortingsperiode.

– Det handlar om å tørra å prioritera mellom veg og jernbane. Me vil byrja å byggja høgfartsbane anten mellom Oslo og Bergen eller Oslo og Trondheim neste stortingsperiode, seier nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl til Framtida.no.

Sjølv har ho jobba som ferievikar på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem.

– Eg vil gjerne halda på ferjene. Dette er jo òg ein arbeidsplass for folk. Dessutan er det eit godt avbrekk for folk som køyrer, seier ho.

Viss E39 likevel skal gjerast ferjefri, meiner ho det bør leggast opp til å kombinera med ei jernbaneutbygging over Vestlandet.

LES OGSÅ: Regjeringa vil ha ferjefri E39

På delt miljøførsteplass
Framtiden i våre hender og Klimavalg 2013 har på gjeve Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Sosialistisk Venstreparti karakteren 5/6 av 6 moglege basert på forslaget til partiprogram.

Miljøpartiet Dei Grøne får mellom anna ros for ville starta utfasinga av oljeindustrien og stopp i leiting etter nye petroleumsressursar på norsk sokkel. Framtiden i våre hender rådar likevel partiet til å sjå meir på korleis teknologi kan løysa klimautfordringane og bruka miljøavgifter meir som eit verkemiddel.

Det er også venta at partiet vil føreslå:

– å forby import av nye bilar med rein bensin- og dieseldrift frå og med 2015.
– kontantstøtte blir erstatta av “familiestøtte som føreset kortare arbeidstid og blir delt etter same brøk som foreldrepermisjon.
– stoppa investeringar som aukar kapasiteten på riksvegnettet.
– innføra ein flyseteavgift på 600 kroner
– klimagassutsleppa i Noreg skal kuttast med 40 prosent innan 2020, samanlikna med 1990.

– Kva konsekvensar vil dette ha for folk, trur du?

– Betre kollektivtilbod trur eg vil gjera livet til folk enklare. Òg på andre område legg me opp til at ein skal få meir tid til kvarandre. Me vil få vekk fokuset på forbruket, seier Ingrid Ophaug Dahl.

LES OGSÅ: – Hadde det ikkje vore flott med meir tid til kvarandre?

Ho håpar mellom annan å få med partiet på å prioritera vidare utbygging av Bybanen i Bergen mot både Åsane og Flesland.

– Kva seier de om regjeringssamarbeid om de skulle koma på Stortinget?

– Me seier nei til å støtta ei regjering med FrP, det har i alle fall Oslo-laget vårt sagt, men elles vil me samarbeida alle i enkeltsaker, den eine av dei to nasjonale talspersonane for Grøn Ungdom.

Kva meiner du? Bør ein heller bruka pengar på tog enn på ferjefrie vegar?