Kjempar for kj-lyden med bilde
Facebook-aksjon for kj-lyden får kjemperespons.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse bilda skal berga kj-lyden
Håkon M E. Sundaune i Vagbladet.no har sett seg lei på at kj-lyden taper terreng mot skj-lyden. No har han starta aksjonen “Bilder mot babyspråk” som viser uheldige mistydingar som kan oppstå om ein ikkje bruker kj-lyden rett. Til dømes er det stor forskjell på å gå på kino eller ski no.
– Aksjonen vart starta etter inspirasjon av "Bilete i kampen mot særskrivingsfeil", som har vore mykje omtalt i media. Irritasjonen er likevel ikkje ny, korkje over særskrivingsfeil eller sj/kj-slurv. Så ein kan seie at bileta mot særskrivingsfeil var den utløysande faktoren, seier Håkon M E. Sundaune til Framtida.no
Vagbladet er ei satirisk nettavis som vart grunnlagt i 2003, og som blir oppdatert med ujamne mellomrom. Trønderen Håkon M E. Sundaune, som no bur på Nesodden, seier han er over gjennomsnittleg opptatt av språk.
Det mest populære biletet, med Schjøtt-Pedersen/Kjøtt-Pedersen har på to dagar blitt sett i overkant av 46.000 menneske. Dei andre bileta ligg rundt 10-15.000 visingar.
– Kva er så gale med å uttala kj-lyden med sj-lyd?
– Eg synest det er feil av fleire grunner. Viktigast: Det kan gå ut over meiningsinnhaldet og forvirra mottakaren. Skjedesmøring er ikkje det same som kjedesmøring. Kjip er ikkje det same som skip. For det andre: Det er ikkje alltid assimilasjon og forenkling er til det beste. Når fleire ting blir likt uttalt mistar me høve til å nyansera språket. Og sist men ikkje minst: Det høyrest utruleg teit og barnsleg ut.
LES OGSÅ: – Sikrare sex med vår verbbøying
Lunken språkdirektør
Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen er positiv til kampen mot særskrivingsfeil. Aksjonen “Bilder mot babyspråk” er han meir skeptisk til:
– Det er noko anna å regulera uttalen til kvarandre, enn ein godlynt aksjon mot særskrivingsfeil. Me har eit normert skriftspråk i Noreg, men me har i svært liten grad reglar for uttale, seier han.
– Folk må gjerne jobba for sin favorittmåte å uttala ord på, anten det er snakk om kj-lyd eller vern av dativbøying i dialekten sin. Det ein samstundes må vera veldig merksam på, er kven dette kan gå ut over og kven ein eventuelt trakkar på, seier Muruvik Vonen og åtvarar mot å latterleggjera enkeltpersonar.
Språkdirektøren viser likevel til at ein etter Språkrådet sine råd til standardspråkuttale skal skilje mellom sj- og kj-lyd. Desse retningslinjene er meinte som råd for dei som ønskjer eller er pålagde å bruka nynorsk eller bokmål som grunnlag for talen sin – for eksempel i radio og fjernsyn. Råda skal også vera til hjelp for dei som skal lesa opp tekstar, til dømes skodespelarar, og for dei som syng i kor og treng rettleiing om ein felles uttale.
LES OGSÅ: Språket som forandra musikk-Noreg
Sj-lyd i byane
Sj-lyden ser ut til å erstatta kj-lyden hos unge i dei fleste større byane i landet.
– Det er sannsynligvis heller ikkje noko heilt nytt fenomen. Allereie i 1940 blei samanfall mellom sj og kj nemnd som eit muleg problem for andreklassingar i osloskulen – men utviklinga ser ut til å ha gått mykje fortare dei siste 15–20 åra, skreiv forskarane Hanne Gram Simonsen og Inger Moen ved Universitetet i Oslo i ein artikkel i Språknytt i 2006.
– For foreldre og lærarar er det naturlegvis heilt legitimt å påpeika at ein synest at uttalen med berre sj-lyd er feil. Men me tvilar på om ei slik påpeiking vil ha nokon effekt, for språk er ikkje noko som blir lært og overført gjennom normative reglar frå generasjon til generasjon, men snarare noko som må gjenoppdagast og gjenskapast av kvart individ, i samspel med sin generasjon, held språkforskarane fram.
Sjå nokre av bilda frå aksjonen her:
Kva synest du om at kj-lyden blir erstatta av sj-lyden? Er det kjekt å sjå på?