Justin Bieber elskar flytting av tentamen

– Eg elskar det, seier superstjerna om at Ålesundsskulane flyttar tentamen for ungdomsskuleelevane på grunn av konserten i Oslo. 

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Elskar flytting av tentamen

 – Love this, skriv Justin Bieber om tentamensflyttinga i Ålesund, via sin eigen Twitter-konto.

Tysdag såg skulane i Ålesund seg nøydde til å flytte norsktentamen grunna Bieber sitt komande besøk til Oslo 16., 17. og 18. april.

Fleire amerikanske media har kasta seg over saka. Den amerikanske nyhendekanalen CNN tok føre seg flyttinga av norsktentamen gjennom programmet «Eirin Burnett OutFront».

– Ein skummel sjukdom har råka Noreg, og ført til uberekneleg oppførsel blant unge og born. Dette er seriøse saker, for eg pratar om «Bieber fever», byrja Eirin Burnett.

Sjå klippet under:

Fleire politikarar i Møre og Romsdal meiner det er feil å flytta tentamen berre fordi mange seier dei vil reisa til Oslo i høve konserten.

– Eg tenkte at 1. april var jo på måndag, og ikkje på tysdag. Eg blir heilt oppgitt. Dette gir ein signaleffekt opp i mot skulevesen og elevane om kva som er viktig, seier Harald Nesvik (Frp) til NRK og meiner skulane i Ålesund har drite seg ut.

– Dette går ikkje an. No ser vi at heile verda gjer oss til latter, seier Nesvik.

Til nyhendebyrået AP seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen at det er opp til skulane å avgjera kva tid dei skal ha tentamen, og om kva som eventuelt vil vera forstyrrande på avviklinga av denne.

– Me har alle vore 14 år og veit at interesser kan vera intense, seier ho.

Kva meiner du? Var det rett å utsetja tentamen på grunn av konserten?