Oppskrift: Bananlappar
Lappar er superlurt å laga for å redda brune bananar og andre matrestar, og smakar supergodt!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Redd bananane med bananlappar!
Har du lappar til overs kan desse fint frysast ned. Og husk: Jo brunare bananar, jo søtare lappar!
Ingrediensar:
- 2 brune bananar
- 2 dl sammalt mjøl
- 2 dl havregryn
- 1 ts bakepulver
- 3 egg
- 2,5 dl mjølk
- Smør/margarin til steiking
Slik gjer du det:
Mos bananane med ein gaffel. Visp egga og bland saman det tørre i ei bolle. Tilset gjerne litt kanel og kardemomme! Bland alt saman og tilset mjølk.
La røra stå og svelle litt før du startar å steika lappane.
Smelt litt smør/margarin i steikepanna. Ta to spiseskeier med røre i panna og rør ut til ein liten lapp. Snu lappane når overflata er stivna.
@spisoppmatenBrune bananer = verdens diggeste bananpannekaker ? ##foryoupage ##foryou ##banana ##pancake♬ Pancakes – Shekudeen
Tips til variasjonar og bruk av andre restar:
Søte restelappar: Ha i frukt og bær i bitar; Tilset restar av søt eller naturell yoghurt.
Salte restelappar: Dropp bananane og kutt opp kjøtt, skinkepålegg, ost ol. og ha i røra; Tilset grønsaksrestar eller potetmos.
Alle typar restelappar: Tilset spinat for grøne pannekaker; Tilset raspa gulrøtter; Bytt ut deler av røra med yoghurt/kesam/rømme; Byt ut delar av røra med risgraut/havregrautrestar; Ver kreativ med tørrvarene i skapet!