Fire dyr som har vore til inspirasjon for den moderne teknologien
Visste du har fleire dyr har påverka den moderne teknologien i verda? Her er fire av dei!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om «havets kameleon».
Haiar
Haiar har ei heilt spesiell type hud, som held dei reine for algar og andre sjødyr. Ho har eit mønster, som er med på å redusera motstanden, skriv BBC.
Det betyr at haiar glir gjennom vatnet lett som ein plett.
Nettopp derfor fanga huda til haien merksemda til forskarar som jobbar i NASA. Dei kopierte mønsteret til haiane for å laga eit heilt spesielt belegg.
Belegget vart nytta på amerikanske seglbåtar som var med i OL, for å hjelpa dei å gli fortare gjennom vatnet.
Maur
Maur er kjent for å ha eit skikkeleg kraftig bitt. Dei kan tyggja seg gjennom tjukke blad sjølv om tennene deira er tynnare enn hårstrå.
Forskarar har studert nettopp tennene til mauren, slik at dei kan laga knøttsmå delar til mellom anna smarttelefonar. Ved bruk av kraftige mikroskop, fann dei ut at sinkatom (små partiklar) var jamt spreidd rundt tennene til mauren. Dette er heilt i motsetnad til oss menneske, der desse partiklane finst i klumpar.
Sidan sinkatomet er jamnt fordelt i tennene til mauren, betyr det at dei kan bita over ting svært effektivt, noko som igjen betyr at dei sparar energi og blir verna mot å skada seg.
Forskarar håper at ved å endra måten materiale som sink blir brukt, kan me laga små verktøy som er supersterke.
Slangar
Forskarar som har funne ut korleis slangar kan aka seg framover utan å få sår eller skadar, håpar at denne oppdaginga kan hjelpa med å utvikla ein ny type måling.
Ho skal vera ekstra slitesterk, slik at me ikkje treng å måla så ofte.
Slangar er dekt med eit tynt lag med olje, som gjer at dei kan aka seg framover på ujamne overflater, utan at dei tek skade av det. Olja er full av feittmolekyl og håpet er no at oppdaginga kan hjelpa ingeniørar med å designa ein ny type ekstra slitesterk måling.
Knølkval
Knølkvalen er tunge dyr, men også veldig gode symjarar.
Grunnen er at dei har rillete kantar framme på finnane sine. Desse klumpane gjer at kvalen kan symja og endra retning raskare og enklare.
Ein forskar ved namn Frank Fish fann ut av dette, og tenkte at desse klumpane også kunne vera positivt for blada på ei vindmølle. Det skulle visa seg å vera rett – han oppdaga at dei fekk møllene til å gå fortare då vinden endra retning. Dette skapte meir kraft.