Studia blir utvida for dei mest vrine språka
Studietida kan utvidast for dei som vil studere kinesisk, japansk og arabisk. Universiteta og høgskulane kan få ta inn studentar til fireårig bachelor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er Kunnskapsdepartementet som no opnar for at utdanningsinstitusjonane kan lage eit lengre studieløp for grada bachelor for språka som er spesielt vanskelege. Normalt er modellen basert på treårig bachelor og to år for grada mastar.
– I vår globale verda treng vi fleire med høg kompetanse i kinesisk, japansk og arabisk. Dette er krevjande studiar og språk det tek lang tid å meistre godt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Dermed kan språkstudentane bruke meir tid på å vere i utlandet for å lære seg språket på eit ønskt nivå.
- Les også kvifor Plan International Noreg, er uroa om tome pultar: Då skulen stengde, vart jentene gifta vekk