Kårar det beste dialektordet

I samband med Språkåret 2013 skal NRK kåra det beste dialektordet i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Språket og dialekten er i stadig utvikling, og nokre ord blir borte, medan andre nye kjem til. Målet med prosjektet er å samla fine ord som heile folket kan vera glade i – på tvers av dialektane, seier prosjektleiar i NRK Kristin Helgeland Hauge til NRK.no.

Ho strekar under at poenget ikkje er å kåra det finaste eller styggaste dialektordet, men det ordet som folk likar best i sin eigen dialekt eller i dialektane til andre.

I samband med kåringa har NRK oppretta ein eigen nettportal der folk kan skriva inn favoritt-dialektordet sitt.

– Det første døgnet fekk vi inn over 2.000 dialektord. Held det fram slik, slår vi ordboka til Ivar Aasen frå 1873 før det har gått ein månad, seier prosjektleiaren.

Her kan du nominera ditt dialektord!