Litt større og melankolsk
LidoLido pendlar mellom kjellaren og hovudstaden. Slik har det vore ei stund og det er han vant til. Nå skal publikum bli vant til nytt materiale.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka kom singelen «Sleeping On My Piano» på marknaden og det betyr radiostudiobesøk både her og der. Etter å ha vore på NRK P3 kom den første responsen, og den var positiv. Det ein likevel er mest spent på er om «Sleeping On My Piano» er ein isolert singellåt eller om det er ein reell smakebit på den neste plata.
LES OGSÅ: Hiphop frå Tysvær
– Vel, det er ein fin introduksjon til neste plate. Ingen låtar er like, men det blir mykje denne stemninga på plata. Litt mørkare, «større» og melankolsk. Men sjølvsagt blir det stor variasjon. «Sleeping On My Piano» var veldig godt planlagt som singel frå eit tidlig tidspunkt fordi eg synest den representerer følelsen på albumet bra. I tillegg får eg spelt litt piano, seier LidoLido.