Blir forbode å skrive SMS i bil
Mange bryt lova ved å skrive tekstmelding i bil. Frå 2. mai blir det heilt forbode å taste på mobiltelefonen når du køyrer bil.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 2. mai blir det forbode å sende tekstmelding når ein køyrer bil. I dag er det ikkje ulovleg å taste på mobilen så lenge den er fastmontert i bilen.
– Trafikktryggleik er prioritet nummer ein. Bruk av mobiltelefon i bil kan forstyrre bilkøyring. Vi justerer derfor reglane for å gjere det enda tryggare på norske vegar, seier samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Nullpunktet
Regjeringa har gjort endringar i regelverket for bruk av mobiltelefon når ein køyrer bil. Dei nye reglane betyr at det kun er lov å bruke tastaturet på mobilen til å starte og avslutte ei samtale. Men da må telefonen vere fastmontert eller integrert i bilen. All anna bruk av tastaturet under køyring, som tekstmeldingar, blir forbode.
Utrykningspolitiet (UP) vil slå hardt ned på dei som bryt forbodet.
Les saka i Fjuken!