Nynorsken er redninga
Nynorsken er redninga for den norske kulturen, trur forfattaren Dag Solstad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorsken er redninga
– Nynorsken held lengst igjen. Hadde vi ikkje hatt nynorsk, hadde vi truleg mista heile kulturen vår, seier Solstad i eit intervju med Aftenposten.
– Nordmenn er eit usjølvstendig folk, mens svenskane og danskane held språket sitt mykje lenger fordi det er gammalt. Dei er vande til å vere ute i Europa og slåst. I Noreg har vi ingen ting. Noreg er det einaste landet der vi ikkje et norsk mat lenger. Når matvanane ikkje klarer å ta vare på kulturen vår, så gjer nynorsken det. Solstad er i desse dagar er aktuell med samtaleboka «Uskrevne memoarar», ført i pennen av tidlegare Morgenblad-redaktør Alf van der Hagen.
Les også: Kven er Noregs mest sexy nynorskbrukar?