Undersøking: Rekordmange veljarar byter parti

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til samanlikning hadde 540.000 veljarar bytt parti i forkant av førre stortingsval, ifølgje TV 2 sitt partibarometer frå Kantar.

Vel éin månad før stortingsvalet i haust har altså talet auka med 210.000 veljarar.

– Eg kan ikkje kan hugse å ha sett noko liknande, seier TV 2s valanalytikar Terje Sørensen.

Høgre og Frp er partia som opplever størst veljarflukt samanlikna med fire år sidan. Også Ap og Sp har mista mange veljarar, medan veljarflukta er litt mindre hos parti som SV, KrF og Venstre.


– Eg har ikkje lukta så mykje gris, men eg har lukta mykje ku og eg synest ikkje det er noko ein skal skamme seg over, seier leiar i Senterungdommen Torleik Svelle. Han er forbanna over Unge Venstre sin nye låt, der dei spøkar med folk som luktar gris. Foto: Johan Malvik, Unge Venstre/Flickr, privat, skjermdump Instagram, kollasj Framtida.no