Faremo kan bli årets tåkepratar
Justisminister Grete Faremo (Ap) kan bli årets tåkepratar med eit svar ho leverte i spørjetimen i Stortinget i februar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan bli årets tåkepratar
– Det ville vore meir miskunnsam å ta livet av den stakkars setninga slik at ho slapp lidingane, skreiv kommentator Kjetil B. Alstadheim i Dagens Næringsliv etter at Faremo uttalte dette frå talarstolen i Stortinget:
«Det blir nye organisatoriske løysingar, samvirkeløysingar vi ikkje har hatt tidlegare, og lovgiving som skal sikre både betre samhandling og tryggare agering dersom noe skjer.»
Faremo er ein av politikarane som blir trekt fram som eit eksempel på maktpersonar som ikkje alltid uttrykkjer seg like klart.
No melder også kommunikasjonsbyrået Geelmuyden. Kiese seg på i debatten med ei twitterkåring av årets tåkepratar der Faremo er første kandidat, fortalte GK-sjef Hans Geelmuyden på eit seminar denne veka.
– Vi vil bidra til at fleire spør «kva sa du no?», seier Geelmuyden til NTB. (©NPK)
Har du andre døme på tåkeprat? Del dei med oss i kommentarfeltet!