Kvar blei det av kvinnene?

Kvifor finst det nesten utanlukkande minnesmerke over menn? Kva fortel det oss om historieskrivinga som går føre seg i det offentlege rom?

Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 20.07.2021 08:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka Fast plass: Norske kvinner på sokkel (2017) fann forfattarane fram til 80 statuar eller minnesmerke over namngitte kvinner i Noreg, der 30 av desse høyrde til i Oslo.

I 2023 kjem Oslo til å verta eit minnesmerke rikare: For å markera omtrent hundre år med kvinnerepresentasjon i politikken planlegg Stortinget å avduka ein statue av den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten Anna Rogstad. 

Portrett av Anna Rogstad (1854-1938) på Stortinget. Ho vart den fyrste kvinnelege stortingsrepresentant (FV) valt på fellesliste av Høgre og Frisinnede Venstre som vararepresentant for Høgremannen Jens Bratlie. Foto: Nasjonalbiblioteket / CC. BY 2.0

På Eidsvolls plass står allereie fem menn frå før av – avduka høvesvis mellom 1881 og 2014. Rogstad vert såleis den fyrste kvinna på sokkel som får pryda Eidsvolls plass.

Med andre ord: Sjølv om kvinner har spela ei rolle i stortingspolitikk i lang tid, skulle det gå endå lenger tid før ei kvinne fekk ta del i femmarbanden på Eidsvolls plass. Kvifor minnest me nesten berre menn? Kva fortel det oss om historieskrivinga som går føre seg i det offentlege rom?

Skeiv historieforteljing

Museolog Hilde Granum har skrive masteroppgåve om Kvinnemuseet på Kongsvinger og ser fleire grunnar til kvifor det er slik.

– Restane av ein del forelda ideal heng igjen og me har framleis ein tendens til å fokusera på sigersherrane og «dei på toppen», som jo ofte er menn. Typiske kvinnetradisjonar og -arenaer har vorte og vert framleis oversett og bortprioritert, skriv Granum til Framtida.no.

Det er ei skeiv og unyansert historieforteljing som utfoldar seg i det offentlege rom.

Hege Elisabeth Løvbak er leiar i Oslo Kvinnesaksforeining. Ho fortel via e-post at minnesmerka seier noko om kva slags innsats eller roller ein tenkjer er og var viktige nok for ein slik heider.

Historiske kvinner og betydinga deira vart usynleggjort

– Minnesmerke er nok delvis eit produkt av samtida og viser kven som vart sett på som betydingsfull. Kvinnene og rollene dei hadde vert usynleggjort.

Men det er mogleg å retta opp historiaforteljinga.

Hege Løvbak er leiar i Oslo Kvinnesaksforeining. Foto: Privat

– Norsk Kvinnesaksforeining er ei av eldsjelene. For lokallaget i Oslo har det derfor vore viktig å visa engasjement for ei meir nyansert historie gjennom byvandringar med kvinneperspektiv.

Kvinner lyftar kvinner

Norsk kvinnesaksforeining, Noregs fyrste feministiske organisasjon grunnlagt i 1884, har gjennom historia samla inn pengar til mange av minnesmerka som er tileigna kvinner rundt omkring i landet.

I 1911 bekosta Norsk kvinnesaksforeining ein skulptur av Camilla Collett som frå 1913 av skulle stå i Slottsparken, noko som gjorde ho den fyrste kvinna på sokkel i Noreg. Foto: Wikimedia Commons / Michael Klajban / CC BY-SA 3.0

Det er ofte slik at vil ein få gjort noko, er det best å gjera det sjølv, skriv Gunhild Ramm Reistad til Framtida.no.

Ho er med i byvandringsgruppa til Oslo Kvinnesaksforeining og har gjennomført ei rekke byvandringar med kvinneperspektiv. I tillegg har gruppa sett saman ein brosjyre for dei som ynskjer å ta vandringane sjølv.

Kvinner utrettar like mykje som menn

Reistad påpeiker at dei fleste minnesmerka gjeld menneske som har hatt

Gunhild Ramm Reistad frå Oslo Kvinnesaksforeining har haldt mange byvandringar med kvinneperspektiv. Foto: Privat

ei framskoten stilling i samfunnet eller skapt det sjølv. Tradisjonelt har det vore menn som har hatt framskotne stillingar, men no er det i endring.

– Minnesmerka over kvinner har vorte til fordi desse kvinnene sjølv skapte seg ein framskoten plass. Det tek både kosta sjølvstendigheit og kampånd. Likevel vart dei fleste av dei sjølvstendige foregangskvinnene ikkje minna og ofte berre lagt merke til i ein mindre krets.

Reistad er likevel optimistisk for framtida, og gjennom byvandringane når forteljinga om Rogstad og andre historiske kvinner folk utanom desse enge kretsane.

– Den kollektive hukommelsen vil gradvis bera preg av det alle veit: Kvinner utrettar like mykje som menn!

Liknande problemstillingar i historie- og museumsfaget

Museulog Hilde Granum ser fleire likskapar mellom mangelen på kvinnerepresentasjon i historiefaget, museumsfeltet og i det offentlege rommet. Foto: Privat

Mangelen på kunnskap om historiske kvinner strekk seg lenger enn kva minnesmerke angår. I historiefaget og museumsfeltet har ein lenge hatt ein liknande debatt om kor lett kvinner vert dytta ut av historieskrivinga til fordel for forteljingane om viktige og innflytelsesrike menn.

– Innan historiefaget har ein sidan 1970-talet jobba aktivt for å skriva kvinner inn i historia, og i 1995 opna Kvinnemuseet i Kongsvinger, som ein reaksjon på mannsdominansen innan museumsutstillingar og -samlingar her til lands. Kvinnemuseet har i dag eit nasjonalt ansvar for å dokumentera, ta vare på og formidla kvinnehistorie.

Minnesmerka pregar idéen om vår felles identitet, då kven og kva me hugsar formar sjølvforståinga vår

Granum etterlyser eit målretta engasjement for å få noko gjort med saka, slik som mellom anna Bergen kommune har fått til gjennom prosjektet «Kvinner på sokkel». Kommunen har bestemt seg for å reisa fem nye statuar av namngitte kvinner dei neste ti åra. Fem monument er ikkje heile verda i ein by med over 70 minnesmerke, men samstundes er ho glad for at prosjektet har generert både engasjement og kritikk – noko som kan bidra til å synleggjera aktualiteten av tematikken.

Kvinnemuseet på Kongsvinger held til i det som før var barndomsheimen til forfatteren Dagny Juel (1867-1901). Her frå utstillinga “Din Dagny”. Foto: Digitalt Museum / Bård Løken / CC BY-NC-ND 4.0

– Minnesmerka pregar idéen om vår felles identitet, då kven og kva me hugsar formar sjølvforståinga vår. I likskap med gatenamn burde monument som vert plasserte i det offentlege rom spegla breidda og mangfaldet i befolkninga i langt større grad enn kva som er tilfelle i dag.


Tips til Osloborgarar og besøkande: Feministisk Osloguide

Medan me tel ned dagane på avdukinga av Rogstad og nyt Oslosommaren på sitt beste –kva passar vel betre enn å ta ein tur ut i sola og læra meir om desse kvinnene som har sete sitt preg på byen? Inspirert av byvandringane til Reistad & Co – her finn du forslag til ei rute som byrjar med Aasta Hansteen på Aker Brygge og sluttar med Sigrid Undset i Stensparken!