Funn av dinosaur-fossil i nord

Forskarar har funne bevis for at dinosaurar har levd nord for polarsirkelen i Alaska.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste av oss tenkjer kanskje på dinosaurar som vesen som eksisterte i tropiske strøk, i regnskogar og blant eldfulle vulkanar.

No kan forskarar ved Universitetet i Florida bevise at det har levd dinosaurar nord for polarsirkelen i Alaska, melder NRK.

Dinosaurane levde i ei varmare verd enn i dag, så det var inga iskappe over Nordpolen. Likevel var det mørk vinter i fleire månadar i desse områda, og snittemperaturen var låg.

Frå Tyrannosaur til planteetarar

Fossila som er funne no er om lag 70 millionar år gamle, og er av fleire typar dinosaur. Alt frå Tyrannosaur til planteetarar.

– Dette er viktig funn, seier paleontolog Jørn Hurum.

Dette er dei første handfaste bevisa på at dei levde så langt nord. Fram til no har ein trudd at dinosaurane trekte nordover berre for å beite.


Harrison Duran (23) var med på å finne den 65 millionar år gamle triceratopsskallen Alice. Foto: Fossil Excavators