Gav Støre gymleksjon
– Helse byrjar i barndomen, seier helseminister Jonas Gahr Støre, og gler seg over det systematiske arbeidet Trudvang skule har gjort i gymfaget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På Trudvang starta programmet med ein presentasjon av opplegget skulen har hatt for å utvikla fysisk aktivitet gjennom ni år. Her har ein redusert alle fag med fem prosent, for at elevane skal få minimum 30 minutt fysisk aktivitet dagleg, i tillegg til gym. Aktiviteten er lærarstyrt og har fagleg innhald, og opplegget vart presentert av rektor Bjarte Ramstad og lærar Tom Wergeland.
– Spennande
Etter dette presenterte Geir Kåre Resaland si forsking på fysisk aktivitet i skulen. Tidlegare har han mellom anna følgt elevar ved Trudvang skule, som hadde 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag, og samanlikna dei med elevar i Førde som hadde kroppsøving etter læreplanen.
Etter presentasjonen, var det klart for å sjå arbeidet sett ut i livet. Her fekk Støre møta 3. klassingar som boltra seg med ordstafett, fagbingo og liknande, alt basert på førre veke sitt pensum.
Les reportasjen vår frå Trudvang skule i haust!
Imponert
Då Sogn Avis snakka med helseministeren etter elevmøtet, var han tydeleg imponert over det han hadde blitt presentert.
– Eg syns det er veldig spennande og utruleg inspirerande, her har ein folk som glør og trur på noko og har hatt vilje til å gjennomføra dette over tid. Det ein ser er ei erkjenning av at helse byrjar i barndomen. Sørger ein for at unge i denne alderen har kondisjon og rørsle, legg ein grunnlaget for god helse og kunnskap. For her bruker ein førre vekes pensum til å vera denne vekas fysisk aktivitet. Dei repeterer norsk, engelsk og matte og får dobbelt opp; både helse og læring. Den erfaringa dei har her med gå saman med lærarane, få opp motivasjonen og dokumenterer det med forsking, det er oppskrifta på noko me burde kunne ta vidare ut i landet, seier Støre.