Nye namn på variantar av koronavirus
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har endra namnesystemet for koronamutasjonane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har bestemt seg for å endre namna på urovekkjande virusvariantar til greske bokstavar for å unngå stigmatisering av landa dei oppstod i.
Så langt har fire variantar som blir klassifiserte som urovekkjande, fått nye namn:
- Alfa = Den britiske varianten (B.1.1.7).
- Beta = Den sørafrikanske varianten (B. 1.351)
- Gamma = Den brasilianske varianten (P. 1)
- Delta = Den indiske varianten (B. 1.617.2)
I tillegg er seks variantar definerte som variantar av interesse, som globale helsestyresmakter òg følgjer med på:
- Epsilon = Amerikansk variant (B.1425/B.1.429)
- Zeta = Brasiliansk variant (P. 2)
- Eta = Fleire land (B. 1.525)
- Theta = Filippinsk variant (B. 1.526)
- Jota = Amerikansk variant (B. 1.526)
- Kappa = Indisk variant (B. 1.617.1)
Kjelder: Verdshelseorganisasjonen, DPA