«Gamle menn i syningom»: Meisterleg utført
Det har gått meir enn ti år sidan den fyrste boka kom, men no har endeleg Arnfinn Kolerud skrive ferdig trilogien om Vassbygda – forteljinga om den siste nynorske bygda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bokmelding: «Gamle menn i syningom»: Meisterleg utført
Gamle menn i syningom er den siste boka i Arnfinn Kolerud sin romantrilogi om Vassbygda. Akkurat som i dei føregåande bøkene, Når ein først skal skyte nokon og Kom ikkje inn i mitt hus, handlar det om Bendik Uføre og dei andre folka i Vassbygda, verdas siste nynorsk-bygd.
Eit absurd univers
I den fyrste boka, Når ein først skal skyte nokon, er det ein bjørnunge i Kristiansand Dyrepark som er det store problemet. Bjørnungen har lært seg å bruka grasklippar. Det er problematisk, for bjørnungen har nemleg namnet Ivar. Vassbygdingane fryktar at bjørnen skal bli så populær at sjølvaste Ivar Aasen hamnar i skuggen. Saman legg dei ein plan for å bli kvitt bjørnungen. Det går sånn passe bra.
Og i bok nummer to, Kom ikkje inn i mitt hus, er ikkje galskapen mindre. No lanserer nokre Vassbygdingar samlekort med nynorske diktarar. I heile Noreg går mann av huse for å skaffa seg desse korta. Det er store premiar til dei som greier å samla alle korta. Men heller ikkje denne gongen skal alt gå smertefritt for seg.
Som du kanskje skjønnar, dette er eit temmeleg absurd univers. Her greier ikkje innbyggjarane eingong å bli einige om kva bygda dei bur i heiter. Somme er ihuga tilhengarar av i-mål og meiner at bygda sjølvsagt heiter Vassbygdi, medan andre er fast bestemte på at det er Vassbygda som er rett.
Kongen er nynorsking
Når Gamle menn i syningom startar, vaiar eit dansk flagg frå toppen av Slottet. Det har blitt heisa opp medan Kongen var i lunsj hjå Riksmålsforbundet. Det er ikkje tvil om at dette er å rekna som ei majestetsfornærming. Kongen blir sur og forlèt samlinga til Riksmålsforbundet – og han byrjar brått å snakka nynorsk!
I Vassbygda lurar dei på kva det er som no skjer? Kongen kan nynorsk! Kanskje fleire vil ta etter han? No skal nynorsken endeleg få sin renessanse.
Men den gryande optimismen forsvinn raskt. Fleire trugslar mot nynorsken skal dukka opp. Og Riksmålsforbundet er framleis ein farleg fiende.
Hysterisk morosame
I Gamle menn i syningom får me eit herleg gjensyn Bendik Uføre og dei andre bygdeoriginalane i Vassbygda.
Arnfinn Kolerud sitt skråe blikk på menneska er fantastisk. Han skriv kanskje ikkje dei djupaste psykologiske portretta, men innbyggjarane i Vassbygda er ikkje vanskelege å kjenna att. Og så er dei hysterisk morosame.
Eg trur ikkje Gamle menn i syningom og dei andre bøkene om Vassbygda har eit så veldig stort publikum. Men for den vesle målgruppa er dette midt i blinken.
Viss ein har sans for underfundig og absurd humor, så skal ein ikkje sjå bort for episodar med skrattlatter. Her blir det servert tørrvittige vitsar på rekkje og rad.
Dersom ein i tillegg har ein viss oversikt over nynorsk litteratur og lyrikk blir det endå betre. Allusjonane til annan nynorsk litteratur sit laust. Ein burde nesten laga eit bingobrett før ein byrja å lesa, i rutene kunne ein skriva inn namna på sine nynorske favoritt-lyrikarar. Eg spår at du ropar «BINGO!» før du har lese halvvegs.
- Lurer du på kva bøker forfattarane sjølv les? Kik i bokhyllene deira!
Omsorg for utskota i samfunnet
Der boka er aller best er i sitt – litt snåle og annleise – forsvar for nynorsk og språkmangfald. Blir ikkje verda mykje kjedelegare når alle skal snakka og skriva likt? Forfattaren viser stor omsorg for utskota og dei sære skruane i samfunnet vårt. Å ta vare på språkmangfaldet er å ta vare på mangfaldet blant menneska.
Gamle menn i syningom er meisterleg utført. Synd at dette er siste bok.
- Les også om Geir Egil Eiksund (32) som først kom ut av skåpet som 25-åring – no har han skrive barneboka han trong då han først forstod at han vart forelska i gutar.
Fakta
- Tittel: Gamle menn i syningom
- Forfattar: Arnfinn Kolerud
- Forlag: Samlaget
- Utgitt: Mai 2021
- Sjanger: Roman