Vil at du skal jobbe 100 timar meir i året

Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) ønskjer at vi skal jobbe like mykje som islendingane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil at du skal jobbe 100 timar meir

Finansdepartementet legg om kort tid fram «perspektivmeldinga» si, med nye framskrivingar om økonomisk utvikling og ulike valmoglegheiter. Der blir det blant anna sett på aldrande befolkning, klima- og miljøproblem og globalisering i tiåra framover.

Dersom vi jobba som på Island måtte vi jobba 10 prosent meir i året – eller rundt 100 timar, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Islandske lærepengar

– Om vi over tid fekk tilsvarande yrkesdeltaking som islendingane, ville utførte arbeidstider per person frå 15 til 74 år i Noreg auke frå 1014 til 1120 timar. Får vi det til, kan budsjettet styrkast med rundt fem prosent av bruttonasjonalprodukt over tid. Det ville vore eit vesentleg bidrag til å redusere gapet mellom inntekter og utgifter på lang sikt, seier Johnsen til avisa.

Finansministeren viser til at det blir ein større del eldre i Noreg. Med uendra yrkesdeltaking i alle grupper, vil arbeidsinnsatsen per innbyggjar gå ned.

LES OGSÅ: Frå finanskrise til gründereventyr

– Det viktigaste er at arbeidsinnsatsen over tid aukar. Eg trur det er mykje å hente i den eldre enden. Større «tøyelegheit» er viktig, at tilrettelegginga for å kombinere arbeid og pensjon blir fordelt vidare. Det andre er å mobilisere dei som delvis er utanfor arbeidslivet, seier Johnsen. (©NPK)

Kva synest du om forslaget om at me bør jobba meir? Bør pensjonsalderen bli høgare? Eller bør me heller betala meir i skatt?