«Det er hipt å vere engasjert»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Ein fersk rapport frå Ungdommens ytringsfrihetsråd tar for seg mange av dei viktigaste utfordringane vi har blant unge i dag. Mange unge føler mellom anna at terskelen for å ytre seg er for høg, i følgje med redsel for bli overkøyrd eller hetsa av folk med meir erfaring og kunnskap. Dette viser at vi ikkje er i mål.
Samstundes har vi stadig fleire plattformer å engasjere oss i – terskelen for å dele eit innlegg om noko ein engasjerer seg for, er låg.
Forsking viser òg at dei er meir politisk aktive i dag enn det foreldra var i si tid. Dette gjeld for mange, om ikkje alle av dei 17 berekraftsmåla frå FN.
Likevel rekk stemma ofte ikkje fram.
Engasjement krev kunnskap
På mange måtar er vi inne i ei slags ny opplysningstid, der engasjement og kunnskap er hipt. Saker som klimasaka, med klimastreik og klimabrøl, har vist at stadig fleire unge tør å vise engasjement både åleine og som eit større fellesskap.

Arkivbilete for skulestreiken og klimabrølet framfor Stortinget, 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Globale rørsler innanfor diskrimineringssaker, slik som Black lives matter og I can’t breath, er òg eit døme som viser kor stort engasjement unge i dag har for utfordringar i samfunnet kring oss.
Det å engasjere seg er med andre ord ikkje nødvendigvis det ein treng å proklamere mest for. Men som rapporten frå ytringsfrihetsrådet viser, er kunnskapshol og sjølve rommet å engasjere seg i den største kneika for mange.
Desse utfordringane enda meir omfattande andre stadar i verda. Heile éin av fire jenter går ikkje på skule i det globale sør. Statistikk frå Unesco seier òg at omkring 250 millionar barn ikkje kan å lese eller skrive – sjølv om dei går på skule. Og igjen vil konfliktar og andre kriser videre føre enda fleire ut av debatten, som ofte handlar om dei sjølve.
Tryggleik og global kontekst eit viktig stikkord
FNs mål er at desse utfordringane skal vere løyst innan 2030. Utdanning krev gode lærarar som er til stades for dei unge i undervisninga. Dette må òg gå føre seg i trygge og stabile samfunn – vere det er å kvi seg for å delta i debattar eller konfliktar i landet som er til hinder.
Utdanning er ein nøkkel til utvikling, og opnar moglegheiter som gjer kvar av oss i stand til å bidra.
I Noreg er både opplæring samfunnskritiske spørsmål samt debatteknikkar ein kan bruke for å delta i samfunnsdiskusjonar, gode anker å setje ned. Å lære seg å setje samfunnsaktuelle spørsmål i ein global kontekst, er òg viktig.
FN-studentene ønsker å bidra til å skape trygge miljø, slik at unge kan bruke stemma si og slå ring om viktige tema som må kome på dagsorden.
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!