Verda blir mindre fri
Autoritære leiarar over heile verda har stramma grepet etter den arabiske våren, viser ny rapport frå Freedom House.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Verda har blitt mindre fri
90 land blei i 2012 rekna som frie. Det er tre fleire enn året før. Samstundes har 27 land blitt merkbart mindre frie, kjem det fram i Freedom House sin årlege rapport om tilstanden til den globale fridomen.
Det er sjuande året på rad at Freedom House har vist ein tilbakegang for fridom i verda. Russland, Tyrkia, Ukraina, Mali og Kenya er blant landa der borgarane har blitt mindre frie.
LES OGSÅ: Svenskar og danskar opne for diktatur
Raffinerte diktatur
Rapporten viser at diktatorar har trappa opp kampen mot sivilsamfunnsorganisasjonar og uavhengige media.
– Funna våre peikar på aukande raffinement blant moderne autoritære, seier Arch Puddington, Freedom House sin visepresident for forsking.
– Dei er fleksible, dei forvrenger og misbruker det juridiske rammeverket og dei er flinke til teknikkar for moderne propaganda. Men spesielt sidan den arabiske våren er dei blitt nervøse, noko som har ført til intensivert forfølging av folkelege rørsler for endring, legg han til.
Eritrea, Ekvatorial-Guinea, Nord-Korea, Saudi Arabia, Somalia, Sudan, Syria, Turkmenistan og Usbekistan er rekna som dei minst frie landa i verda.
Tibet og Vest-Sahara, som blir styrt av høvesvis Kina og Marokko, er òg rekna blant dei verste av dei verste.
LES OGSÅ: Vest-Sahara ut av skuggen
Med Vladimir Putin tilbake som president, har Russland vedteke ei rekkje lover for å kvela gryande motstand, og den formelle opposisjonen er marginalisert.
Freedom House oppmodar Barack Obama til å visa demokratisk leiarskap.
– Det me har lært i løpet av dei siste åra, er at framgang for fridom vinn vanlegast fram med aktiv deltaking frå demokratiske land som USA og dei i Europa, seier David J. Kramer, president i Freedom House i ei pressemelding.
LES OGSÅ: – Onkelen min er diktator
Framgang i Libya og Burma
Berre 16 land har vist framgang som Freedom House meiner det er verd å merka seg. 117 land blir rekna som valdemokrati. Georgia og Libya kom inn i det gode selskapet i løpet av året, medan Mali og Maldivene rauk ut.
Lesotho, Senegal, Sierra Leone og Tonga gjekk frå delvis fridom, til fridom. Blant dei som har vunne mest fridom er Libya som kvitta seg med Gaddaffi-regimet i fjor.
Burma og ei rekkje afrikanske land, mellom dei Elfenbeinskysten, Guinea, Lesotho, Senegal og Sierra Leone hadde òg framgang